Hopp til innhold

Barmen: – Det gjorde verkeleg vondt

Spelarar og publikum heldt pusten då Brann-spelaren snurra rundt i lufta og trefte bakken med hovudet først. – Det var verkeleg vondt og eg ropte om hjelp.

- Eg ropte om hjelp fortel Kristoffer Barmen

DRAMATISK: Barmen si landing etter duellen med Gytkjær var stygg. Publikum og spelarar heldt pusten medan hjelpemannskapa kom til. Reporter: Oddgeir Øystese | Foto/redigering: Kjell Gøran Hansen

Barmen

URØRLEG: Hjelpemannskapa kom til då Barmen vart liggande urørleg på bakken etter skrekkfallet. - Eg ropte om hjelp.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

– Eg har det veldig fint men er stiv i nakken, smiler Kristoffer Barmen. I dag møtte han pressa for første gang etter skrekkfallet i den viktige kampen mot FK Haugesund på søndag.

Det var etter rundt ein time spel Barmen landa på hovudet etter ein luftig duell med heimelagets Christian Gytkjær. Brann-spelarane vart liggande urørleg på graset og fekk behandling på bana i over ti minutt.

– Det var ein tøff duell der eg snurrar rundt i lufta. Eg kjente med ein gang eg landa at dette var verkeleg vondt. Eg ropte om hjelp, fortel Barmen om dei dramatiske minutta.

Var bevisst heile tida

Han vart frakta rett til sjukehus i Haugesund for behandling og vart liggande der til observasjon til måndag.

– Eg var bevisst heile tida og eg hadde kjensler i bein og fingre. Men eg lurte på kva som ville skje vidare og håpa på det beste. No går det fint, smiler den unge midtbanespelaren.

Uroa lagkameratar, supporterar og ikkje minst spelaren sin familie kunne til alt hell puste letta ut etter kor tid. Barmen kunne både kommunisere og bevege bein og armar etter det stygge fallet.

Veit ikkje om han rekk kvaliken

Brann-spelaren trente lett i dag for første gong, men ikkje saman med laget. Når han blir klar for kamp igjen veit han ikkje. Dei ekstremt viktige kvalik-kampane mot anten Mjøndalen eller Bærum kjem kanskje for tidleg for midtbanespelaren.

– No skal eg ta det med ro og vere forsiktig framover. Ta eit steg om gongen. Korleis det blir med kvalik-kampane kan eg ikkje seie noko om no.

Han takkar for behandlinga og hjelpa han fekk, heile vegen frå stadion til sjukehuset.

– Vil denne skaden gjere at du kvir deg for å gå i duellar este gong du går ut på bana?

– Nei, eg trur ikkje dette kjem til å prege meg ute på bana, avsluttar Kristoffer Barmen.

Created by InfoDispatcher

Sjå heile intervjuet med Kristoffer Barmen.