Hopp til innhold

Bård (17) kan ta Noregs første OL-gull i golf

SVEIO (NRK): Eit av Noregs største golfhåp har spelt golf sidan han var to år gamal. No trur Golf-Noreg at 17-åringen kan ta ein historisk medalje i ungdoms-OL.

Bård Skogen på Sveio golfbane

TALENT: Ungdoms-OL i Argentina blir den største testen så langt for Bård Skogen.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

– Det blir spanande. Eg reiser ned for å kose meg. Eg driv med golf fordi eg synest det er gøy, seier stortalentet Bård Skogen (17).

I dag svingar han golfkølla for første gong i ungdoms-OL for Noreg. I løpet av dei neste seks dagane kan 17-åringen skrive norsk idrettshistorie.

NRK var med då stortalentet gjorde dei siste førebuingane før leikene i Argentina.

I det ruskete vêret på heimebana Sveio Golfpark, er det kanskje ikkje optimale forhold for golf. Men det er her at Skogen har blitt god.

Så god at både trenaren og golfforbundet har store håp for karrieren hans.

Bård Skogen og Emilie Øverås i Ungdoms-OL i Argentina

UNGDOMS-OL: Bård Skogen er på plass i Buenos Aires saman med den andre golfspelaren frå Noreg, Emilie Øverås. Dei skal spele saman i andre del av meisterskapet.

Foto: Norges Golfforbund

– Det største talentet i Noreg

At han dreg til OL for å ha det gøy, er ikkje trenaren hans med på.

– Du er vel med for å vinne? spør Gavin Hinds, og får eit bekreftande nikk tilbake.

Hinds er dagleg leiar i Sveio Golfpark, og har trent Bård Skogen i fleire år. Han såg tidleg talentet til ungguten.

– Eg ser han som det største talentet i Noreg. Eg har ikkje sett nokon som er betre enn han.

Europameister

17-åringen har spelt golf sidan han var to og eit halvt år gammal, aktivt sidan han var ti. No er han på det norske juniorlandslaget.

Det er åtte år sidan NRK møtte Bård Skogen for fyrste gong på golfbanen i Sveio. Den gong måtte 9-åringen spele mot 17-åringar for å få nok motstand.

Bård Skogen

UNGT TALENT: 9 år gamal måtte Bård Skogen spele mot 17-åringar for å få skikkeleg konkurranse.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

President i Norges Golfforbund, Marit Wiig, er samd i at Bård Skogen er ein av dei største unge talenta i norsk golf. Han er ein av to norske juniorspelarar som er tatt ut til OL i Argentina.

– Bård er ein utruleg talentfull golfar. Golf er ein idrett du står i over veldig lang tid, og han viser ein stabilitet som er imponerande, seier Wiig.

I fjor vann han ungdoms-EM i golf, European Young Masters, og Wiig trur han også kan hevde seg i OL.

– Vi veit lite om motstandarane hans, men han har vist at han er heilt på topp i Europa, og personleg trur eg han kan gjere det svært godt, seier golfpresidenten.

Drøymer om proffkarriere

Ungdoms-OL i Argentina blir den fyrste store testen på kva framtid 17-åringen kan ha i golfsporten internasjonalt.

Etter vidaregåande vil Skogen reise til USA for å bli enno betre.

Golfpresidenten meiner han har ei lys proffkarriere framfor seg.

– Eg trur han er ein fornuftig mann, som vil ta det steg for steg, seier Wiig.

Bård Skogen

VIL BLI PROFF: 17-åringen siktar mot ein internasjonal golfkarriere. Fyrste stopp er utdanning i USA.

Foto: Marte Rommetveit / NRK