Hopp til innhold

Nye tunnelkrav kostar nesten ein halv milliard – Bane Nor meiner dei er unødvendige

Jernbanetilsynet krev sløkkevatn og vifter i alle nye tunnelar til ein pris på over 400 millionar kroner. Bane Nor meiner det kan gjera tunnelane mindre trygge.

Ulrikstunnelen

ULRIKSTUNNELEN: Tunnelen på Bergensbanen blir den tryggaste på det norske jernbanenettet, seier Bane Nor. No må dei installera fleire tryggingstiltak.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Bane Nor har vorte sterkt kritisert av både brannsjefen i Bergen og Statens jernbanetilsyn (SJT) for å slakka på tryggleiken i norske jernbanetunnelar. Bakgrunnen er at statsføretaket planla å bygga den 7,8 kilometer lange Ulrikstunnelen på Bergensbanen utan punkt for sløkkevatn.

Etter kvart måtte Bane Nor følgja tilsynet sin klare beskjed om å prosjektera inn vifter og vatn.

Men statsføretaket, som skifta namn frå Jernbaneverket i fjor, meiner at tiltaka ikkje betrar tryggleiken, snarare tvert om.

– Me vurderte dette som unødvendige tiltak som ikkje medfører auka tryggleik. Samstundes kan det bli farleg dersom nokon slår viftene på under evakuering, seier pressesjef Thor Eirik Skarpen i Bane Nor.

Pressesjef Thor Erik Skarpen i Jernbaneverket

PRESSESJEF: Thor Erik Skarpen i Bane Nor.

Foto: Svein Vestrum Olsson / NRK

Betalar dyrt – meiner tiltak er unødvendige

No har Bane Nor rekna ut kostnadene med ventilasjon og vatn i tunnelane: 10.000 kroner per løpemeter tunnel.

Det går utover komande tunnelprosjekt på Vestfoldbanen, Østfoldbanen, Ringeriksbanen og Dovrebanen.

– Me anslår kostnadene til å bli over 400 millionar kroner dei næraste åra, seier pressesjef Thor Erik Skarpen.

Medrekna utgifter for installering av punkt for sløkkevatn i Ulrikstunnelen, vil ekstrakostnadene krypa opp mot nesten ein halv milliard kroner.

Med andre ord blir Bane Nor tvinga til å innføra tiltak dei meiner ikkje gjer tunnelen tryggare.

– No har tilsynet gjort si vurdering og me rettar oss etter deira vedtak, seier pressesjefen.

Ny og gammel tunnel i Fløen

ULRIKSTUNNELEN: Den nye Ulrikstunnelen skal stå klar i 2023. Til venstre er dagens tunnelløp som opna i 1964.

Foto: Ingvild Fjelltveit / NRK

Meiner endringane vil føra til redusert tryggleik

Andreas Kiste og Magnus Bjelkerud jobbar med risikostyring og tryggleik i jernbanetunnelar. Konsulentane har begge deltatt i utforminga av Bane Nor sine beredskaps- og risikoanalysar (ekstern lenkje).

Dei meiner mekanisk ventilasjon er eit feilslått sikkerheitstiltak som gir større risiko for skader.

– Me registrerer at det har kome uromeldingar frå brannvesenet, men eg har til gode å sjå gode, faglege grunngivingar som tilseier at mekaniske vifter gjer jernbanetunnelar tryggare, seier Andreas Kiste, risikoanalytikar og spesialist innan beredskap i jernbanetunnelar.

Andreas Kiste,

RISIKOANALYTIKAR: Andreas Kiste er spesialist innan beredskap i jernbanetunnelar. Han meiner SJT bommar og krev unødvendige tiltak frå Bane Nor.

Foto: Privat

Fagekspertane viser til at verken sløkkevatn eller mekanisk ventilasjon er lovpålagde tiltak.

Dei meiner endringane tilsynet krev tvert imot vil føra til redusert tryggleik i norske jernbanetunnelar.

– Om viftene blir sett i gang medan evakuering går føre seg i tunnelen, vil dette redusera rømmingsmoglegheitene og togpersonalet sine arbeidsvilkår. Røyken kan endra retning, farten kan auka og brannen kan blussa opp og fylla tunnelgangen med røyk raskare, seier Kiste.

Dei meiner også at effektiv og trygg evakuering ikkje er avhengig av naudetatar.

– Skal brannvesenet gå inn med luft i ryggen, er ein med på å skape ein dårlegare situasjon. Ein hjelper faktisk mest ved å ikkje hjelpa aktivt inne i tunnelen, men la togpersonalet handtera situasjonen.

Brannsjef Leif Linde i Bergen

BRANNSJEF: Leif Linde i Bergen brannvesen.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Brannvesenet vurderer når me skal gå inn

Det avviser brannsjef Leif Linde i Bergen kontant.

– Det blir sjølvsagt heilt feil. Naudetatane vurderer sjølv kor det blir gjort innsats. Det er nedfelt i lovverket. Viss me kan redda, så vil brannvesenet setja i gang redning, uavhengig av sjølvredningsprinsippet.

Både brannvesenet og SJT viser til at europeiske forskrifter (ekstern lenkje) slår fast at det skal leggast til rette for innsats for naudetatane.

– Når konsulentane seier at naudetatane sin innsats ikkje er naudsynt, så er ikkje det i samsvar med dei krava lovgjevinga stiller, opplyser direktør i jernbanetilsynet, Erik Ø. Reiersøl-Johnsen.

Brannsjefen er samd med Kiste i at vifter gjer jobben enklare for brann- og redningsetaten.

– Det er heile poenget. I eit tog er det to-tre personell som kan hjelpa med evakuering. Dei gjer sikkert ein god jobb, men dette er scenario brannvesenet trenar på årleg.