Chemlab har i samarbeid med BT utført umelde bakterietestar på fire ballrom i og rundt Bergen, og nivået av bakteriar er nedslåande.
Mellom 20 og 45 bakteriar
På ein kvadratcentimeter golv fann dei i gjennomsnitt mellom 20 og 45 bakteriar. Til samanlikning var det 0,9 bakteriar per kvadratcentimeter på golvet i spisesalen på Chemlab.
Leikerommet til Living Kim Tvedt på Lagunen hadde flest bakteriar. Ifølgje varesjef Erlend Helland blir plastballane berre vaska to gonger i året.
Ifølgje testresultata har SATS Åsane det reinaste ballrommet.
Ber foreldre ta ansvar
Smittervernoverlege Øistein Søbstad ber foreldre tenkja seg om før dei plasserer borna på slike stader.
- Eg er veldig glad for at eg ikkje har born som leikar på slike stader. Skit og bakteriar kan gje grobtn for sjukdom og sårdanningar. Jo tettare romma er, jo lettare er det å overføra smitte, seier han til BT.
Søbstad understrekar at ikkje alle bakteriar er farlege.