NRK Meny
Normal

Ba om spedbarnsråd

Den drapssikta ektemannen til Tran Larsen skal ha ringt Kvinneklinikken i Bergen og bedt om råd berre ti dagar etter fødselen.

I følge VG skal den 32 år gamle mannen ha gjort fleire telefonsamtalar som politiet er interessert i å finna ut meir om.

Spurde om spedbarnsernæring

Politiinspektør Tore Salvesen holder pressekonferanse.

Politiinspektør Tore Salvesen held pressekonferanse om Dung Tran Larsen si forsvinning.

Foto: NRK

Oppringinga til Kvinneklinikken, med spørsmål om korleis ein ernærar eit spedbarn, har han blitt konfontrert med i avhøyr.

Mannen hevdar at han aldri har gjort ein slik telefonsamtale, og i følge VG har han forklart at han veit godt kva mat eit nyfødd barn skal ha.

Trur ektemannen visste at Tran Larsen var død

Oppringinga skal ha blitt gjort i slutten av juni, noko politiet meiner tyder på at Dung Tran Larsen ikkje var i live allereie då, og at ektemannen visste dette. 

Ektemannen hevdar at Dung Tran Larsen forsvann frå heimen deira på Laksevåg den 14. juli.

Politiet interesserte i fleire samtalar

Ektemannen skal òg ha ringt Laksevåg trygdekontor i midten av juli og bedt om at kontantstøtta og barnetrygda som Tran Larsen fekk, heller skulle bli overført til kontoen hans.

16. juli avbestilte ektemannen Tran Larsen sin tannlegetime, to dagar etter at han påstår at ho forsvann, og fire dagar før han gjekk til politiet for å melde ho sakna.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo