Hopp til innhold

Avviser krav for 66 millionar kroner etter sykkel-VM i Bergen

Arrangørselskapet fekk krav på totalt 98 millionar kroner etter at dei gjekk konkurs. Men konkursbuet avviser størsteparten av krava.

Sykkel-VM på Bryggen i Bergen

FEST, MEN SÅ SMELL: Sykkel-VM var ein fest i Bergen i 2017, men oppryddinga har vorte kostbar for mange.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / AFP

Sykkel-VM i 2017 vart ein folkefest av dei heilt sjeldne i Bergen. Både vêr og publikum spelte på lag då verdas beste syklistar tråkka seg gjennom Bergen og omland i over ei veke.

Men etterspela etter den store sykkelfesten har fått vel så mykje merksemd. Arrangørselskapet slo seg konkurs etter eit dundrande underskot.

Inn kom det 114 krav på til saman 98 millionar kroner. No har revisoren i konkursbuet etter Bergen 2017 AS avvist 66 av dei millionane, skriv Bergens Tidende.

– Det er ikkje vanleg at ein så stor mengde krav blir avvist, seier bustyrar Arne Laastad til avisa.

Sykkel-VM i Bergen, ved Landås

FOLKEFEST: Tusenvis av publikummarar strøymde til Bergen då sykkel-VM inntok Bergen i september 2017.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Fylkeskommunen får avvist heile kravet

Selskapet sin revisor, KPMG, har brukt lang tid på å vurdere om dei mange krava er gyldige.

Dei har altså kome fram til at krav på totalt 32 millionar kroner skal godkjennast.

Av dei største kreditorane som manglar pengar etter sykkel-VM, er det Norges Cykleforbund (NCF) som kjem dårlegast ut etter KPMG sin gjennomgang.

  • Av dei 21 millionane dei krev, vil revisoren berre godkjenne 767.000 kroner.
  • Hordaland fylkeskommune har fått heile kravet sitt på tolv millionar kroner avvist, skriv BT.
  • Også det internasjonale sykkelforbundet (UCI) får avvist heile kravet sitt på 9,4 millionar kroner, skriv Bergensavisen.
  • Vest politidistrikt sitt krav på 13,5 millionar kroner blir redusert til 3,3 millionar kroner.

– Inga krise for NCF

Dette er likevel inga krise for sykkelforbundet og vil ikkje påverke drifta, seier Knut Glad, styremedlem i NCF.

– Vi veit at buet har lite midlar, og vi har ikkje rekna med å få tilbake pengane. Men formelt måtte vi fremje kravet, seier Glad til NRK.

NCFs krav mot buet er eit garantikrav for det tilfellet der NCF blir gjort ansvarleg og må betale pengar til det internasjonale sykkelforbundet. Men konkursbuet meiner tvert imot at UCI skuldar dei pengar, ikkje omvendt.

– Derfor er det logisk at buet vil avvise kravet vårt, seier Glad.

Når konkursbuet er oppgjort, skal NCF og UCI forhandle om korleis dei skal handtere kravet UCI har reist mot NCF.

Informasjonssjef Arne Lutro i Vest politidistrikt seier til NRK at dei ikkje vil kommentere saka torsdag.