Avviser køproblem om 40.000 tunge bilar skal hit kvart år

Å flytte godshamna i Bergen til Ågotnes vil auke tungtransporten med store mengder årleg, syner ny rapport. Ordføraren avviser at det vil auke køproblema til og frå byen.

CCB-basen Ågotnes

"NYE BERGEN HAMN": Bergenspolitikarane vil flytte godshamna frå Bergen til CCB-basen på Ågotnes.

Foto: Pål Bentdal

Byrådet i Bergen vil flytte godshamna ut av sentrum for å få plass til ein bydel med bustader, butikkar og kontor.

Så langt har forslaga til ny godsterminal blitt møtt med protestar. Bystyret i Bergen gjekk inn for å flytte godset til Rådal, medan fylkespolitikarane samla seg om Arnadalen.

Bergenspolitikarane har no bestemt seg for at godshamna Dokken ved Puddefjorden bør bli flytta til Ågotnes i det som blir nye Øygarden kommune.

Dette seglar opp som ei lokalisering fleire kan samle seg om.

Meir tungtransport langs vegen

No har Havnestyret fått ein rapport frå konsulentselskapet Flowchange om kva effektane kan bli.

Rapporten har blitt omtalt av både BT og BA, som har fortalt at flytting vil gje auka kostnadar på 14 millionar kroner i året.

Tal NRK har sett på, viser i tillegg at konsekvensane blir dette:

  • 20.000 tungtransport-turar til og frå Ågotnes, til saman 40.000 i året.
  • Transportavstanden aukar i gjennomsnitt 19 kilometer kvar veg.
  • Tungtrafikken må dermed køyre til saman 760.000 kilometer meir enn i dag for å hente og bringe gods.
  • Klimagassutsleppa aukar.

– 760.000 kilometer er jo eit betydeleg tal. Samstundes er det eit lite tal om ein samanliknar med den totale trafikkbelastninga i Bergen og bergensregionen, seier Geir Berg i konsulentselskapet Flowchange.

Geir Berg, Flowchange

– Ingen andre byar får godshamna så langt frå sentrum. Det er ikkje optimalt, seier Geir Berg i konsulentselskapet Flowchange.

Foto: Flowchange

Fryktar ikkje meir kø

Dei 40.000 ekstra turane med godsbilar skal gå over Sotrabrua, som i dag har store køproblem. Ordførar i Fjell, Marianne Bjorøy, trur likevel ikkje at tungtrafikken vil skape meir kø til og frå Sotra i rushtida.

– Det blir ganske stor vegkapasitet på det nye Sotrasambandet. Det blir også kollektivfelt og gang- og sykkelfelt, så då får du frigitt køyrebana til næringstrafikk, seier Bjorøy, som jobbar for å få ein ny godsterminal på Ågotnes.

Ho set sin lit til at det nye sambandet vil tole den ekstra tungtrafikken.

– Eg trur ikkje vi vil sjå den same køsituasjonen når Sotrasambandet er ferdig, sjølv om det blir godshamn på Ågotnes.

Ordføraren meiner at å flytte det meste av godshamna frå Bergen til Ågotnes vil vere bra samfunnsøkonomisk.

– Det vil bli meir transport, men vi vil jo gjerne ha arbeidsplassar og næringsliv. Då kjem det nokre ulemper med det.

Ordførar i Fjell, Marianne Bjorøy (Ap)

KØ: Ordførar Marianne Bjorøy trur det nye Sotrasambandet vil ha god nok kapasitet til den ekstra tungtrafikken.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Les meir: Vil ha gods på Sotra og boliger i Bergen

14 millionar dyrare godstransport

Rapporten syner altså også at den ekstra vegen ut til Ågotnes vil auke køyrekostnadene for godsbilar med om lag 700 kroner pr. transport for kundane. Det blir til saman 14 millionar kroner kvart år.

Berg seier flyttinga vil gje denne hamna ein spesiell fyrsteplass.

– Om vi ser på hamnestrukturen i Noreg, så er det ingen andre byar som får godshamna så langt frå sentrum.

Så de meiner det ikkje er ei optimal flytting?

– Det er ikkje optimalt. Å flytte hamna eller ikkje må vere ei politisk avgjer. Vi peiker berre på meirkostnadane og konsekvensane for godshamna i Bergen, seier Berg.

Rundt 25 prosent av transporten blir ikkje flytta. Hurtigruten og Fjordline blir igjen. Til og frå dei går det i dag rundt 10.000 trailerar, ifølgje konsulentselskapet.

Farled Ågotnes Bergen

SJØVEGEN: På sjøen er avstandane små mellom hamna på Dokken i Bergen og Ågotnes.

Foto: Fjell kommune