Hopp til innhold

Avviser Frps utspel om å droppe bybane

Byrådsleiar i Bergen kjem med klar melding til Frp: – Me skal bygge bybane til Åsane slik me har sagt.

Framstegspartiet har forplikta seg til å jobba fram Bybanen til Åsane, sjølv om det blir dyrare enn planlagd. Det seier byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen. Ho reagerer på at Frp no stiller spørsmål ved om Bybanen bør vidareførast til Åsane.

AVVISER UTSPELET FRÅ Frp: Byrådsleiar Ragnhild Stolt – Nielsen seier det er uaktuelt å droppe bybane til Åsane.

Hordaland fylkeskommune la tysdag fram ein rapport som syner at bybanetrase frå Bergen sentrum til Åsane vil koste fleire milliardar meir enn forventa.

Mellom 2 og 8 milliardar kroner ekstra vil det koste, uansett kva løysing ein vel.

I går sa Tor Woldseth (Frp) at ein må vurdere å droppe bybaneutbygging til Åsane, dersom prisen vert for høg.

– Alle har vel ei smertegrense for bompengar, sa Woldseth til NRK.

Utspelet frå Frp fell ikkje i god jord hos byrådsleiar Ragnhild Stolt – Nielsen. Ho seier det er uaktuelt å droppe bybane til Åsane.

– Me skal bygge bybane til Åsane slik me har sagt. Byrådspartia, og det inkluderer Frp, har forplikta seg til dette, svarar byrådsleiaren kontant.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ragnhild Stolt-Nielsen

– UAKTUELT Å DROPPE BYBANE: Byrådsleiar Ragnhild Stolt – Nielsen er totalt avvisande til at Frp no opnar for å velje metrobuss framfor bybane til Åsane.

Foto: Anders Ekanger / NRK

– Uaktuelt å droppe bybane til Åsane

Byrådsleiaren reagerer på at Frp stiller spørsmål ved om Bybanen bør vidareførast til Åsane.

– Det er alvorleg når det blir så mykje dyrare. Men me må hugse på alt det gode bybanen fører med seg. Den får opp talet på kollektivreisande og er med på å utvikle byen vidare.

– Å droppe bybane til Åsane er uaktuelt, seier byrådsleiaren.

Frp opnar for buss framfor bybane

Verken Senterpartiet, Arbeidarpartiet, Rødt eller Miljøpartiet de grøne vil bøye av for den store rekninga.

Men Framstegspartiet er i tvil om dei vil gå inn for bybane til Åsane i de heile tatt. No opnar Frp for å diskutere metrobuss til Åsane.

– Det er eg totalt avvisande til, seier byrådsleiar Stolt – Nielsen.

– Eg trudde diskusjonen om buss hadde vore død sidan 90-talet. Det er ein veldig lite framtidsretta løysing som me ikkje kjem til å vurdere.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tor Woldseth

MÅ VURDERE Å DROPPE BYBANE: Frp meiner ein må vurdere å skrinlegge planane om bybane til Åsane. – Alle har vel ei smertegrense for bompengar, seier Tor Woldseth (Frp)

Foto: Anders Ekanger / NRK

Så mykje kostar bybane til Åsane

Ifølge rapporten som blei lagt fram tysdag, blir prisane på dei ulike alternativa:

  • Forslaget til fleirtalet i Høyre sin bystyregruppe (Den dyraste tunnelen i sentrum og forlenging av Fløyfjellstunnelen): 11.1 milliardar
  • Forslaget til representantskapet i Arbeidarpartiet (Den billigaste tunnelen i sentrum og forlenging av Fløyfjellstunnelen): 10,1 milliardar
  • Det billigaste dagalternativet over Bryggen: 7,8 milliardar
  • Det billigaste tunnelforslaget: 8,3 milliardar

Ragnhild Stolt – Nielsen forstår at folk blir uroa av slike summar.

– Når alle alternativa synte seg å bli mykje dyrare, gjer det at ein må velje mellom dei billigaste løysingane?

– Me har eit dilemma. Me må velje løysingar som er moglege å realisere, og det trur eg me skal få til.

Ho seier Byrådet må vurdere om dei dyraste tunnelalternativa blir for dyre, og eventuelt sjå på andre moglege traseval.

LES OGSÅ: Frp bestilte eigen bybane-rapport - Hordaland