Hopp til innhold

Avsluttar søk etter Agnar (74)

Politiet avsluttar leitinga etter den 74 år gamle mannen som har vore sakna frå bustaden sin i Mathopen sidan laurdag.

Søk etter Agnar (74)

LEITA I FIRE DØGN: Mannskap frå politiet sin hundepatrulje, Røde Kors, Forsvaret og Sivilforsvaret har bidratt i leitearbeidet.

Foto: Tim Wassmo / NRK

Agnar

Agnar Ingemar Holtås er 174 cm høg, er relativt god form, snakkar vestlandsdialekt og hadde på seg beige bukser og gul skjorte då han forsvann.

– Politiet veit ikkje lenger kor dei skal leite og har ikkje fleire opplysningar å gå etter, seier operasjonsleiar Janne Steimler Sætre til NRK Hordaland.

Sidan laurdag kveld har det blitt søkt i nærleiken av Mathopen der 74-årige Agnar bur.

Mannskap frå politiet sin hundepatrulje, Norsk Folkehjelp, Røde Kors, Forsvaret og Sivilforsvaret har bidratt i leitearbeidet. I løpet av helga har også mannskap frå brannvesenet og Kystvakta deltatt i søket.

Var ikkje sitt vante eg

Agnar sin yngste son, Kjetil Holtås er på ferie hjå faren saman med familien og to hundar, skriv Bergens Tidende. Han innrømmer til BT at håpet om å finne faren i live minkar.

– Far sleit med søvnproblem, og me trur ikkje han sov natt til laurdag. Han var nok ikkje i sitt vante eg då han forlét huset laurdag, seier Kjetil Holtås til BT.

Sonen til Holtås seier faren er i relativt god form, og at han ofte går på tur.

– Eg høyrde han gjekk, og trudde han skulle lufte hunden, seier Holtås vidare til BT.

Politiet har fått inn tips i saka, men det har så langt ikkje gitt resultat.

Ynskjer tips

Dersom nokon skulle ha observert noko som framgang i saka, så ynskjer politiet å få tips. Då kan tips ringjast inn på telefon 02800.

Agnar Ingemar Holtås er 174 cm høg, er relativt god form, snakkar vestlandsdialekt og hadde på seg beige bukser og gul skjorte då han forsvann.