Hopp til innhold

Avsluttar leitinga i Os

Politi og leitemannskap avsluttar leitinga etter mogleg sakna person i sjøen utanfor Os.

Leteaksjon i Os

Det var denne tomme kajakken som utløyste ein stor redningsaksjon i Os seint i går kveld. No er leitinga avslutta utan resultat.

– Vi gir oss no. Det er søkt mange stader utan å finna nokon og det har heller ikkje komme fram nye opplysningar i ettermiddag. Dermed avsluttar vi leitinga og dimitterer ressursane på staden, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit til NRK måndag kveld.

Alarmen gjekk seint søndag kveld ved øya Røttingen i Os i Hordaland. Første meldinga gjekk ut på at personar på land høyrde rop om hjelp i sjøen like etter klokka 22.30. Deretter vart ein raud kajakk funnen opp ned i sjøen.

Alle naudetatar rykka ut og utover måndagen har store ressursar med leitemannskap prøvd å finna ein mogleg sakna person utan å lukkast.

Kajakken stole

Etter kvart viste det seg at det likevel ikkje var snakk om rop om hjelp frå sjøen. Politiet fann også ut at kajakken som vart funne er stole frå eit naust på Halhjem. Eigaren såg den sist i førre veke.

– No går saka over i etterforskingssporet. Det er opp til Os lensmannsdistrikt om dei vil undersøke saka vidare, seier Koltveit.

Politipatruljar, ambulansepersonell, dykkarar frå brannvesenet, luftambulanse, Sivilforsvaret, Kystvakten, Røde Kors, Norsk Folkehjelp, Norske Redningshunder, redningsskøyte og politibåt har vore involvert i redningsaksjonen og leiteaksjonen. I tillegg har private delteke i søket både på land og i sjøen.

Tips kan framleis ringast inn til politiet på telefonnummer 56 30 39 00.