Hopp til innhold

Avslutta søk etter Eeva-Maria

Politiet har no avslutta søket etter Eeva-Maria Sieppi, og skal halde fram med vanleg etterforsking.

Eeva-Maria Sieppi

SISTE OBSERVASJON: Siste sikre observasjon av Eeva-Maria Sieppi var på Deli de Luca i Torggaten i Bergen.

Foto: Overvåkningskamera

– Det blir ingen vidare søk i dag, men vi vurderer det fortløpande. No gjer vi vanleg etterforsking, altså vi avhører vitne, tar imot tips og går gjennom videoopptak, seier politioverbetjent Rigmor Isehaug.

Ho er leiar ved vald- og sedskapsseksjonen ved Bergen sentrum politistasjon.

Tysdag kveld gjennomførte politiet, i samband med forsvaret, eit omfattande søk på Nygårdshøyden i Bergen sentrum.

– Vi har ikkje funne noko som openbart høyrer til henne, men vi har tatt med oss nokre ting, og dei skal vi sjå på i dag, seier Isehaug.

Nøgd med innsatsen

Søstera til Eeva-Maria, Ulla-Maija Sieppi, har tidlegare reagert negativt på politiet sin innsats i leiteaksjonen etter Eeva-Maria.

No, etter fleire omfattande søk, meiner Ulla-Maija at politiet har gjort ein god innsats. Særleg nøgd er ho etter at Forsvaret også har vore med i søket.

Politiet har allereie fått nokre tips i saka, men ønskjer også fleire tips.

– Vi får inn fleire tips frå andre som kan vere Eeva, men ikkje alle verkar like seriøse. Dersom vi får inn mange tips som går i same retning, blir det derimot meir viktig, seier politioverbetjent Isehaug.

BA.no skriv i dag at mange tips ikkje kjem til politiet, men hamnar på Facebook.

– Vi fryktar at fleire viktige tips hamnar på sosiale medium i staden for hos oss. Derfor vil eg innstendig oppmode folk som var i området rundt Nygårdshøyden om å melde seg for politiet. Dei kan ha sett eller høyrt ting som er viktig for etterforskinga, og som kan bli sett i samanheng, seier Isehaug til BA.no.