Brannen blei slokka av dei tilsette ved skulen.
Fleire brannar
- Det tok fyr i linoliumen på golvet. Det tok også fyr i ei jakke og nokre hanskar i gongen. Heile skulen blei evakuert, seier operasjonsleiar Per Stiegler i Hordaland politidistrikt til BT.
I og med at det er mange elevar tilstades på ein skule, ser politiet svært alvorleg på hendinga.
- Me kjem neppe til å pågripa nokon i og med at det er snakk om born, men det er mogleg me vil avhøyra dei involverte saman med foreldra, seier Stiegler til NRK.
Rakett på klasserom
Politiet fekk i føremiddag også melding om rakettskyting i eit klasserom på Slåtthaug Ungdomsskole i Fana. Det skal vera ein elev i 8. klasse som avfyrte denne raketten.
Ingen skal ha blitt skadd på skulen.