Avduka minnesmerke for helikopterulukka på Turøy

TURØY (NRK): Tre år etter helikopterulukka ved Turøy fekk dei etterlatne eit minnesmerke å gå til. – Det er veldig viktig for oss, seier ein av dei pårørande.

Minnesmerke for helikopterulukka ved Turøy

BLOMAR: Pårørande legg ned blomar på minnesmerket på Turøy.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

29. april 2016 styrta eit Super Puma-helikopter ved Turøy i Øygarden kommune, på veg frå Gullfaks B-plattforma i Nordsjøen til Bergen lufthavn.

13 menneske omkom i ulukka. Ein av dei var mannen til Anny Britt Telle.

– Det blir veldig fint med eit minnesmerke, seier ho til NRK.

Mannen Lyder Martin jobba for Aker Solutions, og tilbake stod også tre barn og fire barnebarn. For både ho og familien betyr det noko å få eit minnesmerke å besøke på Turøy, seier Anny Britt Telle.

– Det er veldig viktig for oss. Slik at vi kan reise ut der og sjå. Vera der. Og det blir laga veldig fint til.

Minnesmerke for helikopterulukka ved Turøy
Foto: Simon S. Brandseth / NRK

Markering ved ulukkesstaden

Det var éi kvinne og tolv menn blant dei som mista livet i ulukka. Alle har fått namna sine på steinen som blei løfta på plass på ei eit utsiktspunkt på Turøy før helga.

Med utsyn til ulukkesstaden, men i ly for andre slik at pårørande kan få minnast i ferd.

Anny Britt Telle mistet mannen i Turøy-ulykken

MINNAST: Anny Britt Telle mista mannen i Turøy-ulukka. Bildet blei tatt då saka blei lagt bort av statsadvokaten.

Foto: Mats Arnesen / NRK

Måndag klokka 15, på treårsdagen for ulukka, blei minnesmerket formelt avduka. Ordføraren i Øygarden kommune, Børge Haugetun, seier det var rett tidspunkt å få eit minnesmerke på staden.

– Før hadde kanskje vore for tidleg, men vi ynskja å få det på plass til treårsdagen for ulukka.

Minnesmerket er laga av granittstein frå Øygarden av kunstnar Arne Mæland, og er forma i tråd med naturen rundt. Både pårørande og andre var i dag samla då steinen blei avduka.

– Tanken var at vi ville ha ei enkel, men verdig markering, seier ordførar Haugetun.

Minnesmerke for helikopterulukka ved Turøy

VIL HEIDRA DEI OMKOMNE: Øygarden-ordførar Børge Haugetun held tale under avdukinga av minnesmerket. – Vi håper det vil bli ein stad der både pårørande og lokalbefolkninga kan minnast ulukka og heidra dei som omkom, seier Haugetun.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

La vekk saka

Helikopteret med dei 13 om bord styrta på ein holme ved Turøy då rotoren losna. Den var framleis i lufta då helikopteret trefte bakken.

Statens havarikommisjon konkluderte seinare med at eit utmattingsbrot var årsaka til ulukka.

Rapporten retta sterk kritikk mot både det europeiske flytryggleiksbyrådet (EASA) og Airbus. Men i oktober i fjor la statsadvokaten bort saka fordi det ikkje var bevis for at det hadde skjedd noko straffbart.

Vraket etter helikopterstyrten i Turøy

STYRTA: Helikoptervraket blir løfta opp av sjøen utanfor holmen der det styrta.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Viktig for heile landet

Turøy-ulukka var den verste helikopterstyrten i Noreg på 40 år. Ordførar Haugetun meiner minnesmerket difor er viktig for heile landet.

– Langs kysten kjenner dei fleste nokon som jobbar i oljenæringa, og dei som bur her ser helikoptera fly til og frå Nordsjøen.

Dei tre kommunane Øygarden, Sund og Fjell har saman med Equinor sørga for at minnesmerket kom på plass.

– Vi håper det vil bli ein stad der både pårørande og lokalbefolkninga kan minnast ulukka og heidra dei som omkom, seier Haugetun.

Minnesmerke for helikopterulukka ved Turøy

KUNSTVERK: Minnesmerket har plakettar med namna til alle dei omkomne.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK