NRK Meny
Normal

Avdekka ei til no ukjent krigshistorie

Svein Olav Agdestein har funne fram til ei til no ukjent del av norsk krigshistorie. Over 70 år skulle det ta før historia om eit styrta britisk fly og tre døde soldatar blei kjent.

Ei til no ukjend del av krigshistoria er avdekka på Tysnes. Over 70 år etter at eit britisk fly blei skutt ned av tyskarane blei det i dag sett opp eit minnesmerke for å heidre dei tre soldatane som omkom i flystyrten.

AVDUKA MINNESMERKE I DAG: Svein Ove Agdestein frå Tysnes har nøsta opp historia om det britiske flyet som blei skutt ned av tyskarane under andre verdskrig. I dag 70 år etter at flyet styrta blei eit minnesmerke reist på Tysnes for å heidre dei tre soldatane som omkom i styrten.

4. juli 1941 blei eit britisk fly skutt ned av tyskarane ved Kaldafoss på Tysnes sør for Bergen. Dei tre soldatane om bord døde i flystyrten, men berre to blei funne og lagt på svaberget av tyske soldatar.

Historia om kva som skjedde den dagen har til no vore ukjent krigshistorie. Heilt til Svein Ove Agdestein frå Tysnes fekk høyre rykte om eit fly som skulle ha styrta i nærleiken under andre verdskrig.

I dag på frigjeringsdagen 8. mai blei eit minnesmerke reist på Tysnes. Over 70 år etter at dei britiske soldatane omkom ute på oppdrag, blir dei tre no heidra for sin innsats i krigen mot tyskarane.

Lokal mann frå Tysnes nøsta opp historia

Å finne historia bak rykta om det styrta flyet tok lang tid for tysnesingen, Svein Ove Agdestein. Fleire rundar med undersøkingar i bygda gav ingen resultat. Men så kom han over albumet som skulle gje svara han leita etter.

– Ein venn av meg fekk kjøpt eit album i Tyskland som hadde høyrt til ein død tysk soldat. Der fann han bilete av eit styrta fly og to døde personar. Eg fekk sjå på bileta for å sjå om eg kunne finne ut kvar dette kunne vere, seier Agdestein.

Han kjende seg att i landskapet på biletet med ein gong. Dette måtte vere flyet han hadde leita etter.

– Dei tyske soldatane hadde skrive dato på baksida av biletet. Då klarte eg å finne fram til dato for styrten og serienummeret til flyet. Resten var plankekøyring, fortel Agdestein som på eiga hand har leita fram ei historie som til no har vore ukjent i Noreg.

Sjå bileta frå avdukinga:

Skutt ned under bombetokt

Svein Ove Agdestein fortel at flyet som styrta var på bombetokt på veg til Bergen.

– Saman med tre andre fly var det på veg for å bombe ein tysk flytedokk som var observert i området. Flya bomba diverse mål utan å treffe, og det var fyrst på veg tilbake at dei tre britiske flya oppdaga at det eine flyet var forsvunne.

Krigsmerke på Tysnes
Foto: Tale Hauso / NRK

Han er glad for at dei døde soldatane no blir heidra for innsatsen under krigen.

– Eg tykkjer dei fortener eit minnesmerke. Yngstemann i flyet var berre 20 år og han var til og med frivillig med i krigen.

– Eg er svært tilfreds med å finne ut av det, seier ein audmjuk Agdestein. Det er ikkje kvar dag ein kjem over noko slikt.

LES OGSÅ: Gamle bilete frå krigen - Telemark

Avduka minnesmerke i dag

Ordførar i Tysnes kommune, Kjetil Hestad, er imponert over arbeidet Svein Ove Agdestein har lagt i å grave fram historia om det styrta flyet.

– Det er eit spennande detektivarbeid han har gjort som gjer at me no kan ta del i ei viktig del av historia vår. Dette er det viktig at me ikkje gløymer.

– Det er flott og rørande å sjå at tysnesingane ser det offeret som dei døde soldatane gjorde for at Noreg skulle bli frie.

LES OGSÅ: Kjempar for å bevare krigsminna - NRK – Sogn og Fjordane

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.