Avdekka alvorleg svikt: Barnevernet makulerte bekymringsmeldingar

– Det er kommunen si plikt å sikra at barna er trygge. Det har ikkje Austevoll kommune gjort godt nok, seier fylkeslege Helga Arianson.

Helga Arianson, fylkeslege i Hordaland

– SVÆRT ALVORLEG: Fylkeslege i Vestland, Helga Arianson, seier saka er svært alvorleg. – Kommunen har ikkje sikra at barna deira er trygge, seier ho.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Kommunen har fått ti dagar på seg til å svare på kva tiltak dei vil setje i verk.

I rapporten frå tilsynet, som vart gjennomført i juni, konkluderer Fylkesmannen i Vestland med at kommunen har svikta alvorleg når det gjeld «å beskytte og hjelpe barn».

Kommunen har for dårleg handtering av bekymringsmeldingar om vald og seksuelle overgrep.

Rådmann Bjarte Madsen seier Austevoll kommune tar rapporten på stort alvor.

– Vi skal gå gjennom han punkt for punkt og lage ei tiltaksliste for å rette opp dei feila og manglane som Fylkesmannen har peikt på, seier han.

Bjarte Madsen, rådmann Austevoll kommune

– TEK SAKA PÅ ALVOR: Rådmann i Austevoll kommune Bjarte Madsen seier dei tek saka på det største alvor.

Foto: Elise Angell / NRK

Bekymringsmeldingar vart makulerte

Fylkesmannen reagerer på at barnevernet i kommunen ikkje tar vare på bekymringsmeldingar som hevdar at barn vert utsett for overgrep.

Kommunen har hatt rutine for å sletta meldingar etter eit år.

«Dersom det kjem ny bekymringsmelding etter førre melding er makulert, inneber dette at den tidlegare informasjonen om barnet er tapt.», skriv Fylkesmannen i tilsynsrapporten.

Eit tilsvarande tilsyn i Tysnes kommune gav liknande funn.

– Har ikkje sikra barna

Fylkesmannen har gjennomgått 18 saker der kommunen har fått bekymringsmeldingar enten frå barna sjølve eller vaksne rundt dei.

Dei har undersøkt om kommunen har snakka tilstrekkeleg med barna – og om informasjonen barna har komme med er tatt omsyn til før barnevernet har konkludert i sakene.

Det er påvist svikt i:

  • handtering av bekymringsmeldingane
  • undersøkingane av barna sin situasjon
  • i kva grad barna er høyrde, eller om barna sine synspunkt er tatt omsyn til.

Konklusjonen er at svikten er gjennomgåande.

Svikten kan ha ført til at barn kan ha blitt utsette for nye valds- eller overgrepssituasjonar, seier Arianson.

– Det er kommunen sin plikt å sikre at barna deira er trygge. Det har ikkje Austevoll kommune gjort godt nok, seier ho.

– Snakkar ikkje med barna

Fylkesmannen påpeikar at kommunen i hovudsak har sørga for å vurdere om dei skal snakke med barnet i undersøkingar. Men det er ikkje gjort i alle saker.

«Gjennomgang av sakene viser likevel at det i fleire saker ikkje er snakka med barnet, og det går ikkje fram kvifor det ikkje var naudsynt.»

Ti dagars frist

Fylkesmannen har gitt kommunen frist til 1. september på å rette opp i dei sviktande forholda. Arianson seier saka er svært alvorleg.

– Dei har ikkje hatt tilstrekkeleg kompetanse om korleis dei skal undersøkje og vurdere det dei finn. Dette har kommunen allereie gjort noko med, seier ho.

Ho opplever at kommunen har tatt saka på alvor.

Rådmannen seier det er vanskeleg for Austevoll, som ein liten kommune, å følgje med på kva krava til kompetanse og saksbehandling i barnevernet. No har dei engasjert ein konsulent.

– Det er ekstra vanskeleg når vi opererer i eit lite lokalmiljø. Vi må erkjenne at mindre kommunar har problem med å henge med her, seier han.

Søk i valresultata

valg-dekorasjon