Hopp til innhold

Autopass skulle forenkle Ferje-Noreg. I staden har det blitt fullt kaos

No går fleire fylke bort frå ordninga. – Veldig uheldig at dei reisande vil møte fleire ulike betalingssystem, seier Vegdirektoratet.

Ferge

AUTOPASS: På riksvegsambandet Solavågen – Festøya i Møre og Romsdal vil autopass med brikke bli tatt i bruk i 2020.

Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix

Autopass-betaling på ferjer skulle gjere det enklare for dei reisande og spare ferjemannskapane for arbeid. No kan ein i staden ende opp med fleire ulike betalingssystem på ferjene som bind saman Vestlandet.

For medan ferjene på riksvegane, som Statens vegvesen har ansvar for, skal ha Autopass, kan ferjene som fylkeskommunane har ansvar for ende opp med andre betalingsløysingar.

For dyrt for pendlarane

Eit av fylka som har fått kalde føter, er Hordaland.

– Det er rett og slett fordi vi har fått tilbakemelding frå fleire øykommunar om at pendlarane får det dyrare med den nye ordninga, seier fylkesvaraordførar Pål Kårbø (KrF).

Har du fleire passasjerar med deg i bilen, blir ferjeturen billigare med Autopass, men for dei som køyrer åleine blir det dyrare enn før.

Difor vil fleirtalet i fylkesutvalet ha både Autopass og passasjerbetaling.

– Det kostar pengar å gjeninnføre passasjerbetaling, men heilskapen gjer at vi vil anbefale det likevel, slik at vi kan sette ned prisen for bil.

Men korleis passasjerane skal betale, veit ikkje politikarane enno.

Kårbø håpar det kan skje gjennom ein app, men trur at ein kanskje må ha betalingsautomatar i tillegg.

Halhjem-Sanvdvikvåg2

BETALING: Sambandet Halhjem – Sandvikvåg på E39 har allereie fått Autopass. Andre ferjer på Vestlandet kan få heilt andre betalingsløysingar.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Uheldig

Innføringa av Autopass på riksvegferjer er vedteke av Stortinget i Nasjonal transportplan for 2014–2023.

Statens vegvesen er ansvarleg for ferjene riksvegane, og på desse sambanda blir no Autopass innført gradvis.

Allereie har store samband som Halhjem-Sandvikvåg på E39 og ei rekke andre (ekstern lenke) fått Autopass. Håpet var at fylka ville velje same løysing.

– Fylkeskommunen står fritt til å velje kva løysing dei vil ha, men for både passasjerar og trafikantar blir det vanskelegare når ein møter fleire ulike løysingar, seier Dag Hole, prosjektleiar for Autopass for ferje i Vegdirektoratet.

Dag Hole i Statens vegvesen

SYND: – Målet var å få Autopass-brikkebetaling på alle samband, seier prosjektleiar for Autopass i Vegdirektoratet, Dag Hole. Han meiner det er uheldig om ein får fleire ulike betalingsløysingar på ferjene på Vestlandet.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

For om fylka vedtek ein kombinasjon av Autopass og eigne billettar for passasjerar, blir det minst to ulike betalingsløysingar på ferjene på Vestlandet.

Det er ikkje bra for dei reisande, meiner Hole.

Redd det vil ramme næringslivet

Fylkespolitikarane i Møre og Romsdal vil også ha både Autopass og passasjerbetaling på ferjene på fylkesvegnettet.

– Når vi tar vekk passasjerbetaling blir det alt for dyrt for næringslivet og for pendlarar som er avhengig av bil, seier leiar i samferdsleutvalet Kristin Sørheim (Sp).

Også i Rogaland prøvar dei å få til ei løysing med både autopass og passasjerbetaling på ferjer fylkeskommunen har ansvar for, stadfestar fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal.

I Sogn og Fjordane har dei ikkje diskutert kva for betalingssystem ein skal ha på fylkesferjene i framtida enno.

– Men dette er noko vi må sjå på, seier fylkesdirektør for samferdsle Dina Lefdal.

Autopass på ferja

KORT: Nokre av sambanda som har fått Autopass har brikkebetaling, medan andre har Autopass-ferjekort. Målet for Vegdirektoratet er å få flest mogleg over på Autopass-brikkebetaling på sikt.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Vil hindre mange ulike system

Fylkesvaraordførar Pål Kårbø i Hordaland innrømmer at det ikkje er ideelt å ha fleire ulike betalingssystem.

– Eg har forståing for at det kan vere forvirrande. Difor må vi no jobbe hardt for å sikre at det berre blir to system og ikkje fleire, seier Kårbø.

Han vil difor ta opp Autopass-ordninga i Vestlandsrådet i slutten av juni, slik at dei fire ferjefylka kan samordne seg.

Han håper at også Nordland, det siste store ferjefylket, då vil følgje løysinga ein kjem fram til i vest.

Frp-politikar Frank Sve i Møre og Romsdal vil eigentleg skrote heile Autopass-ordninga.

– Det var ein kjempebrølar at vi ikkje gjorde det allereie for eit år sidan.