NRK Meny
Normal

Blei europameister i kokkekunst

Ørjan Johannessen (26) frå Austevoll er ny europameister i kokkekunst.

Vann EM i kokkekunst

PREMIEUTDELING: Her får vinnaren det synlege beviset på at han er europameister i kokkekunst.

Foto: Impuls

Jubel under kokke-EM

JUBEL: Stor glede i Brussel i dag.

Foto: Impuls

Ørjan Johannessen frå Bekkjarvik Gjestgiveri i Austevoll i Hordaland gjekk heilt til topps då han representerte Noreg i den prestisjetunge kokkekonkurransen Bocuse d'Or Europe i Brussel i dag.

– Eg er kjempefornøgd. No blir det feiring i kveld, seier ein jublande vinnar til NRK.

Over 250 nordmenn med supporter t-skjorter og norske flagg var tilstades i Brussel for å heia fram austevollingen, ifølgje ei pressemelding.

Skriv dine gratulasjonar til Johannessen i kommentarfeltet nederst!

Her er vinnarmenyen til Johannessen og teamet hans:

Ørjan Johannessen

VANN I BRUSSEL: Ørjan Johannessen frå Austevoll tok gull i kokke-EM.

Foto: Impuls

Sjøtunge "AUSTEVOLL"
Posjert Sjøtunge med reker, sitron og kaviar
Artiskokk, trøffel og aromater
Gulrot , gulrot, gulrot
Salat på potet, egg erter og reker
Artiskokk emulsjon

Kylling Label Rouge "SMAK"
Glasert kylling med trøffel , sultan og løk
Kyllinglår Rotisseur
Selleri, eple og foie gras
Jordskokk og rødbet
Potet, trøffel og egg
Kylling sjy
Trøffelkrem

Hellstrøm i juryen

I juryen sat fleire leiande europeiske kjøkkensjefar, blant andre Eyvind Hellstrøm, som har vore dommar sidan 1993.

– Ørjan var suverent bra i dag, sa Hellstrøm etter dagens konkurranse.

Bocuse d'Or Europe er ein kvalifiseringskonkurranse til Bocuse d'Or i Lyon, som blir rekna for å vera den mest prestisjetunge kokkekonkurransen i verda.

– No går eg for gull i VM, seier Johannessen.

Gratulasjonar frå ministeren

Vinnaren får gratulasjonar frå landbruks- og matminister Lars Peder Brekk (Sp), som lot seg begeistra av innsatsen til 26-åringen.

– Her har det vore ein knalltøff konkurranse, og derfor er dette eit veldig bra resultat. Nok ein gang har Noreg kome øvst på pallen i ein krevjande internasjonal kokkekamp. Dette er også gull til norsk matkultur. Gratulerer så mykje med sigeren, Ørjan, seier Brekk i ein SMS til NTB.

Ørjan Johannessen blei Årets kokk i 2011 og vann NM i kokkekunst i 2010. Han har tidligare jobba ved Gastronomisk Institutt og vore kokk på Det Norske Kokkelandslaget.

I dag jobbar han i familiebedrifta Bekkjarvik Gjestgiveri i Austevoll.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås