Legg ned skular
Kommunestyret i Austevoll vedtok i går å leggje ned skulane Stolmen og Vinnes og å flytte ungdomstrinnet frå Selbjørn skule til Eidsbøen.
Redusert pleietilbod
- I tillegg blir pleietilbodet for eldre kutta med to millionar kroner årleg, seier ordførar Inge Storebø.
Kan ikkje unngå underskot
Trass i sparetiltaka får Austevoll likevel eit underskot på seks millionar kroner neste år.
Kan få krisehjelp
- det må vurderast om Austevoll treng ekstraordinær hjelp frå staten, seier fylkesmann Svein Alsaker.