Hopp til innhold

Aust mot vest

Fryktar den auka jernbanesatsinga på Austlandet kan øydeleggje for prosjekt på Vestlandet.

Bergensbanen

Det vil ikkje vera fyrste gongen at pengar til tog på Vestlandet forsvinn.

Foto: Rune Fossum, NSB

– Eg er redd for at det er eit så stort fokus på banestrekningar inn til nærområdet i Oslo, og at om me ikkje står på på Vestlandet, så ryk våre prosjekt til fordel for eit prosjekt på Austlandet, seier Øyvind Halleraker, stortingsrepresentant frå Høgre.

Øyvind Halleraker

Øyvind Halleraker fryktar togpengar går til Austlandet.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

For det har skjedd før. I fjor forsvann fleire titals millioner kroner som skulle nyttast til å utbetra skinnene inn til Bergen stasjon. Dei forsvann til nettopp Austlandet, for der kunne pengane nyttast kjappare.

I går varsla samferdslesminister Magnhild Meltveit Kleppa ei rekkje opprustningar i Oslo-området. Og det får Halleraker til å frykte at det same er i ferd med å skje igjen.

– God fantasi

– Nei, dette er tøv, seier samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa.

– Ein skal ha sjeldan god fantasi for å trekkje slike konklusjonar. Eg understreker at det er trong for ei opprusting i Oslo-området. Men samstundes skal me altså styrkje fleire andre strekningar, og Bergensbanen spesielt, seier ho.

- Men me har sett før at pengar som er satt av til prosjekt på Vestlandet har forsvunne.

– Ja, det var når dei ikkje hadde signalfolk til Bergen sentrum til Fløen stasjon. Kva gjorde me då? Dei 50 millionane omdisponerte me til arbeid på Bergensbanen.

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa og togpassasjerer

– Halleraker har god fantasi, seier Meltveit Kleppa.

Foto: NRK

– Private må inn

Halleraker meiner dei forskjellige prosjekta burde vore sett ut til private selskap, og at det ville skapt fortgang i arbeidet.

– Eg trur diverre at dette er ideologisk grunna. Det er berre i Norge me klarar å gjere dette til eit ideologisk spørsmål, seier han.

Men Kleppa er ikkje einig.

–Halleraker synes framleis å røre seg i ei tid som gjaldt forrige regjering. Dei kutta jo løyvingane til jernbane. No har me store planar om store prosjekt. Og me har som intensjon å fylgje dei opp, avsluttar ho.