Hopp til innhold

Auke på DNT-hyttene trass i magesjau-påske

Påskebesøket på Turistforeningen sine hytter går kraftig opp i år. Også på Hardangervidda, der fem nye sjukdomstilfelle er oppdaga.

DNTs hytter rammet av magevirus, Litlos

LITLOS: DNT-hyta på Litlos er ei av dei som har vore råka av «dritpåska».

Foto: Torfinn Evensen / Dnt / NTB scanpix

Hyttene til Den Norske Turistforening (DNT) har fått mykje merksemd denne påska.

Skigjester på ei rekke hytter på Hardangervidda vart i palmehelga råka av omgangssjuke med diaré og oppkast på grunn av det svært smittsame noroviruset, og risikerte å måtta stenga dørene midt i høgsesongen.

På den andre sida har hyttebesøket vore til dels svært høgt.

Totalt på dei bemanna DNT-hyttene har det vore 6.125 overnattingsgjester dei fire første nettene i påsken. Det er ein auke på sju prosent frå fjoråret.

Fleire fjellområde har hatt kraftig oppsving i besøkstala, når ein ser på tala frå palmefredag til tysdag samanlikna med same periode i 2017.

  • Størst har oppgangen vore i Sylan i Trøndelag med 75 prosent fleire gjester.
  • Deretter følger Rondane i Hedmark og Oppland med 71 prosents oppgang.
  • I Breheimen mellom Sogn og Fjordane og Oppland er auka på 68 prosent.
  • Også Svukuriset i Femundsmarka har fleire gjester enn fjoråret, med oppgangen på 21 prosent. Nasjonalparken ligg i fjellområdet i Hedmark og Sør-Trøndelag.
Spy i snøen etter virusutbrudd på Hardangervidda

DRITPÅSKE: Dette biletet kjem for mange til å bli symbolet på påska 2018, frå turen til Olav Dale og kameratgjengen som vart sjuke på Vidda.

Foto: Olav Dale / Privat

Fem nye sjukdomstilfelle

DNT vedgjekk tysdag at folk kanskje ville vera skeptiske til å besøka hyttene deira denne påsken, etter utbrotet av omgangssjuke på Hardangervidda.

Men også på Hardangervidda, der over 40 sjuke gjester har blitt transportert ut frå fjellet, har besøkstala gått opp i år. Hittil har det vore 1.613 gjester på DNT-hyttene på Hardangervidda.

Ei oppdatering onsdag føremiddag viser at det er funne fem nye tilfelle av magesjau og moglege noro-tilfelle på ti ulike DNT-hytter, på hyttene Mogen og Rauhelleren.

Dermed har totalt 43 sjuke blitt henta ut frå ti ulike hytter fjellet med magesjau og oppkast, skriv DNT på sine sider.

Alle vert frakta ut umiddelbart for å hindre smitte.

Onsdag kom også meldinga om at magesjauen hadde brote ut hos ti gjestar på høgfjellshotellet Vestlia på Geilo.

Norovirushytter

Få avbestillingar

– Folk har ikkje latt seg skremma av nyhenda om omgangssjuke, men heller latt seg freista av godt vêr og fine tilhøve, seier dagleg leiar Henning Hoff Wikborg i DNT Oslo og Omegn, som eig mange av hyttene på Hardangervidda.

– Me er sjølvsagt leie for at nokon har blitt sjuke der og ønsker dei riktig god betring. Men det er godt å sjå at dei aller fleste har halde seg friske og har kunna nyta fine dagar på fjellet, seier Wikborg.

Han seier til NRK at det berre er kome ei handfull avbestillingar på grunn av nyhenda om omgangssjuke.

Kalhovd turisthytte – ei av dei mange som vart råka av sjukdom – har til dømes hatt ein besøksauke på 60 prosent dei fire første dagane av skulane sin påskeferie.

Til overmål dukka eit par opp og gifta seg på Kalhovd måndag, og inviterte alle 49 hyttegjestene med på bryllaupsmiddag.

Les fleire saker om «dritpåska»:

Skituristar ved Kalhovd påsken 2018

HYTTEPÅSKE: Her på DNT-hytta ved Kalhovd har besøkstala vore 60 prosent høgare enn påska i fjør – sjølv om det har vore sjukdom her.

Foto: Marius Dalseg Sætre / DNT