Hopp til innhold

Mangelen på studentbustadar i Bergen aukar

Delen av studentbustadar i Bergen gjekk ned 9 % i fjor og er under halvparten av kommunen sitt mål. Byen treng til saman 500 årleg, viser ei fersk undersøking frå Norsk studentorganisasjon (NSO).

Studentbustad

UTBYGGING SOM MÅL: I Bergen har både kommunen og Studentsamskipnaden sett som mål å bygga nok studentbustader til å husa 30 % av studentane. Då må ein ha klar 4500 studentbustadar til innan 2025.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Ein trenge 500 nye studentbustadar i året for å nå målet. Marknaden er forferdeleg trong for alle studentar og det blir veldig dyrt å bu i Bergen, seier Tor Sivertsen Prestegard, som leiar Velferdstinget for bergensstudentane.

Snittleiga for ein student ligg no på 5000 kroner for eit rom i eit kollektiv. At studentar blir pressa til høge husleiger gjer også leigemarknaden vanskeleg for småbarnsfamiliar.

Tor Sivertsen Prestegard

DYRT: – Marknaden er forferdeleg trong for alle studentar og det blir veldig dyrt å bu i Bergen, seier Tor Sivertsen Prestegard, som leiar Velferdstinget for bergensstudentane.

Foto: Leif Rune Løland

– Då utkonkurrere ein ofte barnefamiliar og andre som leige i same prisklasse, og då får ein ei form for hyblifisering av Bergen, seier Prestegard.

4500 studentbustadar innan 2025

I Bergen har både kommunen og Studentsamskipnaden sett som mål å bygga nok studentbustader til å husa 30 % av studentane.

– Då må vi ha 4500 studentbustadar til innan 2025. Vi må bygga 500 studentbustadar i året, då må det verkeleg ei innsats til for å få det til, seier Prestegard.

Men både nasjonalt og i Bergen går det feil veg, viser undersøkinga til Norsk Studentunion. Delen av studentbustader gjekk tvert i mot kraftig ned i Bergen i fjor. Årsaka er at studenttalet gjekk markert opp, medan talet på studentbustader stod nesten stille.

– Frå Bergen ser ein at dekningsgraden går ned 9 prosent og det viser at Bergen fell under landsgjennomsnittet på studentbustadar, seier Prestegård.

Utnyttar desperate studentar

– Ein forvente vel at studenttalet berre vil gå meir og meir opp. Er dette eit håplaust prosjekt?

– Ein ser at med den takta ein har lagt seg på no nasjonalt og her i Bergen, så klarer ein ikkje å ta igjen det etterslepet ein har fått på studentbustadar. Ein ser at bygge så lite, sjølv om at det kjem berre fleire og fleire studentar, seier Prestegard.

– Fører det til at studentane får dårlegare og dårlegare buforhold?

– Det opnar opp for at mange useriøse aktørar får leiga ut i marknaden, og dette kan vere aktørar som ser høve til å tene pengar på studentar som er heilt desperate etter å få tak over hovudet. Ein høyrer mange historier der ein ikkje har depositum konto og der kontraktane er ulovlege, det er brannfeller og liknande. Dette går både på tryggleiken og velferda til studentane, seier Prestegard.