NRK Meny
Normal

Luksusturistar strøymer til Noreg

Luksusyachtar liggande til kai i Bergen er døme på noko turistnoreg merkar meir og meir av. Fleire og fleire rike turistar kjem Noreg for opplevingsferie.

Dei kjem med privat-jet og gigantiske luksusyachter. Luksusturistane besøker Bergen og Vestlandet langt oftare enn før - og når VIP'ene først er her, så er dei på jakt etter heilt spesielle opplevingar.

Luksusturistane besøker Bergen og Vestlandet langt oftare enn før – og når VIP-ane først er her, så er dei på jakt etter heilt spesielle opplevingar.

Øksekasting, fjellklatring og havkajakk. Desse aktivitetane står høgt oppe på ynskjelista til luksusturistane.

– Det er jo leikne rikingar, blant anna, som ynskjer å gjere no som er litt spesielt, seier Anne Gunn Rosvold.

Ho er dagleg leiar i Bergen Base, og jobben hennar er å skreddarsy actionfylte opplevingar for prinsar og andre velståande.

– Dei er jo ute etter å gjere ting som dei aldri før har gjort i sitt liv, seier ho.

Betaler godt

Anne Gunn Rosvold

Anne Gunn Rosvold seier at luksusturistar vil halde Noregsbesøka sine hemmelege.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

Anne Gunn Rosvold seier privat guiding, å oppleve private heimar eller hytter, eller ein flott lunsj eller middag på ein fjelltopp er noko av det luksusturistane gjerne vil ha. Ofte er turistane ute etter sporty aktivitetar.

– No gjer eg klar ein sekk som kan passe for VIP-ane, seier Rosvold.

Ho pakkar klatreutstyr ned i sekken, og ho fortel at luksusturistane gjerne betaler godt for dei skreddarsydde aktivitetsferiane sine.

– Det er normalt at eit par dagars opplevingar kostar mellom 100.000 og 200.000 kroner, seier Rosvold.

Og så skal guidane få litt tips, kor mykje plar dykk å få?

– Skal skatte-etaten sjå dette, ler ho spørjande.

– Vil ikkje ha merksemd

Verdas tredje dyraste yacht ligg i desse dagar til kai i Bergen. Dei fekk i dag tilkøyrt akkurat det dei er ute etter, nemleg havkajakkar. Kvar dei skal padle er det umogeleg for NRK sin reporter å finne ut.

– Dei er jo veldig løyndomsfulle når dei kjem. Dei vil helst ikkje ha noko merksemd rundt seg, og dei er veldig, veldig visse på kva dei vil, seier Rosvold.

Turistsjef i Bergen, Ole Warberg kan bekrefte at det ofte er mykje hemmeleghald rundt luksusbåtar som ligg til kai i Bergen.

– Det er relativt hemmeleg det som skjer, me veit ikkje kven som er om bord, og det skal vere veldig diskré, seier Warberg.

Artikkelen fortset under bilete.

Superyacht

Luksusyachten som ligg til kai i Bergen har ein prislapp på rundt to millionar kroner.

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

Auke i luksusturisme

Ole Warberg

Ole Warberg som er turistsjef i Bergen seier det er ei auke i luksusyachtar som legg til kai i Bergen.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

Anne Gunn Rosvold seier det er naturen som ofte trekk luksusturistar til Noreg, og at det er naturopplevingar dei vil ha. Og dei er ofte vane med å fly helikopter dit dei skal.

– I Noreg er det veldig spesielt for dei, for me har ikkje mogelegheit til å fly over alt. Det er jo strenge restriksjonar på det, seier ho.

Men sjølv om det ikkje er mange turisthelikopter å sjå i lufta, så meiner turistsjef Warberg at det er ei klar auke på luksusbåtar liggande til land i Noreg.

– Me ser dei liggande langs kaien heile sommaren. Det vore ein jamn auke på dei, seier han.

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.