Aukande støtte til Ropstad: elleve fylkeslag vil ha han som ny KrF-leiar

Etter at 13 av 16 fylkeslag har bestemt seg, er Ropstad den klare kandidaten til leiarvervet i KrF.

Kjell Ingolf Ropstad

FÅR STØTTE: Eit stort fleirtal av fylkeslaga vil ha Kjell Ingolf Ropstad som ny leiar for partiet.

Foto: Gunhild Hjelmundrud

Førre veke blei det klart at Rogaland, Telemark, Hedmark, Agder og Hordaland ynskjer Kjell Ingolf Ropstad som ny leiar i KrF. Måndag og tysdag denne veka har fleire fylkeslag hatt møte, og lista over lag som støttar Ropstad sitt kandidatur har blitt lengre.

Både Møre og Romsdal, Vestfold, Troms og Finnmark, Sogn og Fjordane, Oslo og Oppland støttar Ropstad. Med det har han støtta til elleve av 16 fylkeslag.

Bollestad vil ikkje vere kandidat

Det skjer mellom anna etter at Olaug Bollestad gjekk ut og avkrefta at ho var aktuell som leiar, og innrømma at ho tidlegare hadde vore noko uklar. Fleire av fylkeslaga skal før det ha vurdert å gå for Bollestad som leiar.

Nordland og Akershus har tidlegare gått inn for Hans Olav Syversen. Syversen har sidan då blitt statssekretær ved Statsministerens kontor, og sa sjølv til NRK 21. januar at det ikkje er aktuelt for han å bli ny partileiar i KrF.

– Eg er ikkje kanditat til vervet. Og eg håpar vi kan samle oss om Ropstad, sa han.

Buskerud, Trøndelag og Østfold KrF har enno ikkje bestemt seg for kva leiarkandidat dei vil støtte.

KrF's Landskonferanse 2019

KLAR: Olaug Bollestad fungerer som leiar i KrF fram til landsmøtet i april. Ho peiker på Ropstad som ny leiar.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Anbefalingar frå fylkeslaga har betydning

Fylkeslaga i partiet skal gje sine innspel til valkomiteen innan 1. februar. Innan utgangen av denne veka vil 15 av 16 fylkeslag ha gitt signal om kven dei meiner er best eigna til leiarvervet.

Leiar i valkomiteen, Solveig Ege Tengesdal, sa førre veke til NRK at dei vil legge vekt på innspela frå fylka.

– Det har sjølvsagt betydning kva anbefalingar som kjem frå fylkeslaga, men valkomiteen vil likevel freiste å ta alle omsyn. Både leiinga og sentralstyret må samsvare med det partiet KrF ynskjer å vere, sa Tengesdal.

Ho seier dei vil snakke med alle føreslåtte leiarkandidatar når fristen for innspel går ut 1. februar. Valkomiteen si innstilling er venta i midten av mars.

Støtta av heimfylket

Ropstads heimfylke, Agder, støttar er blant dei som støttar han som ny leiar av partiet.

Per Sverre Kvinlaug

STØTTE: – Han er godt eigna som leiar, seier fylkesleiar i Agder, Per Sverre Kvinlaug, om Kjell Ingolf Ropstad.

Foto: Svein sundsdal / NRK

– Ropstad har vore ein god kandidat lenge. Vi ser at han er eigna til å vere i spissen for partiet, og overta skuta frå Hareide, seier fylkesleiar i Agder KrF, Per Sverre Kvinlaug.

Fleire av fylkeslaga NRK har snakka med strødde om seg med lovord om Ropstad.

Nestleiar i Sogn og Fjordane KrF, Stein Robert Osdal, seier dei er opptekne av at partiet må kome seg vidare.

– Ropstad har peika seg ut som ein god kandidat. Om vi ikkje står saman no som parti, blir det vanskeleg å kome på offensiven, seier Osdal.