Hopp til innhold

Lastebilsjåfør: – Eg spør meg sjølv om dette verkeleg kan vere lovleg?

VOSS (NRK): Det har blitt mykje dyrare å passera bomstasjonane på E16, men framleis viser skilta den gamle prisen. Det får sjåførane til å reagera.

E16 - Autopass

PRISKRØLL: På skiltet står det 94 kroner for store bilar. Den reelle prisen har vore 168 kroner sidan 1. desember i fjor.

Foto: Privat

På E16 glir trafikken forbi Bolstad og bomstasjonen til Vossapakko.

På det blå skiltet står det at ei passering for eit vogntog kostar 94 kroner passeringa, men det stemmer ikkje.

Etter innføringa av regjeringa si bompengereform har det blitt innført takst- og rabattendringar. På Vossapakko gjekk prisen etter 1. desember difor opp til 168 kroner for passeringa og rabattordningane vart fjerna.

Men det kjem ikkje fram på skilta.

Feil informasjon om pris

– Det er brot på opplysningsplikta, for det samsvarar jo ikkje. Det er rett og slett feil informasjon, seier lastebilsjåfør Torgils Rogne i transportfirmaet Olav Rogne A/S på Voss.

Over ein månad etter at prisendringa tredde i kraft står den gamle prisen framleis på skilta.

– Lastebilsjåførar som ikkje er kjende må jo tru at det kostar 94 kroner. Og om dei køyrer ofte, så blir det store summar til slutt, seier han.

Torgils Rogne

LITE NØGD: Torgils Rogne er sjåfør i transportfirmaet Rogne A/S.

Foto: Inger Åse Skage / NRK

Mange prisendringar

Frå 1. desember vart det gjort prisendringar på både Vossapakko, Jondalstunnelen og Hardangerbrua. Ingen av plassane har skilta blitt oppdaterte.

For å køyre gjennom Jondalstunnelen har prisen gått ned etter 1. desember frå 100 kroner for ein personbil til 32 kroner. For tungtransport var prisen 200 kroner, medan det no kostar 51 kroner.

Men for bilistane som køyrer forbi bommen, står det ingenting om at det er blitt billigare.

– For oss i transportbransjen blir det veldig vanskeleg å finne ut kva ting kostar, og vi må prøve så godt vi kan å vidarefakturera den reelle bomkostnaden som bilane har, seier Torgils Rogne.

Han viser til det å handle ei vare i ein butikk. Der er butikkeigaren plikta til å opplyse forbrukaren kva vara kostar. Men det gjeld tydeleg ikkje på vegen, seier han.

– Eg spør meg sjølv om dette verkeleg kan vere lovleg? Her står det ein pris på skiltet, men det stemmer ikkje med det som vi må betale.

Ferde beklagar

Det er bompengeselskapet Ferde som er ansvarleg for innkrevjinga av bompengane. Dei er lei seg for det som har skjedd.

– Det har diverre vore forseinking med leveransen av den nye folien, men vi håpar å ha det på plass så snart som mogleg, seier driftssjef Grethe Kleppe.

– Kva tenkjer du om at det er feil informasjon i forhold til kva som står på skilta?

– Det er uheldig at det er forskjell mellom pris og informasjon. Den bør vere lik, seier Kleppe.