NRK Meny
Normal

- Det lek frå skipet

Augevitne Morten ØIen seier det lek bunkersolje frå skipet som har grunnstøtt ved Fedje.

Skipet "Server", som har grunnstøtt utanfor Fedje, har mellom 500 og 600 tonn bunkersolje om bord.

Morten ØIen var augevitne til grunnstøytinga.

Høyr han fortelje om dramatikken her.

Sikker på lekkasje

Han er overtydd om at det er lekkasje frå skipet.

- Lekkasjane kjente vi ganske fort når vi kom ut av bilane. Den sterke diesellukta gjorde at eg måtte gå frå der vi var.

Øen trur det først og fremst er bunkersolje som lek ut. Bunkersolje er olje til eiga drift, er svært tjukk og løyser seg lite opp i vatn.

- Frå min ståstad ser det ut som det er hekken på styrbord side bak som har fått den største skaden.

ØIen fortel at ambulansepersonell hadde fått beskjed om å be folk halde seg innandørs.

Diesellukta gjorde det heilt ubehageleg å vere i området.

- Eg har ho i lungane enno, seier ØIen, som nett hadde unnagjort ei legeundersøking då NRK snakka med han.

Siste video

Bilder med tillatelse fra TV2
Hovedfeltet på vei opp Laksebakken under sykkel-VM søndag 24. september
Se innspurten fra U23 rittet - bilder med tillatelse fra TV2