NRK Meny
Normal

Så glatt at strøbilen sklei i grøfta

Over heile Hordaland var det meldt om såpeglatte vegar og fortau i dag tidleg. I Austevoll kom ikkje skulebussane seg fram fordi det var for glatt.

Strøbil velta ut i grøfta i Austevoll

VELTA: Til og med strøbilen i Austevoll fekk problem i natt. Her på Vassnes på fylkesveg 155 gjekk det slik.

Foto: Austevoll brann og redningstjeneste

Strøbilane har vore ute i heile natt, men glatt er det likevel fleire stader. Det kom mykje regn i natt som har frose til is. Så langt ser det ut til at hovudvegane er greie å køyra på, men NRK-tipsarar fortel om glatte vegar mange stader.

I natt har til og med ein strøbil i Austevoll sklidd i grøfta og hamna på sida. Bergingsbil og brannkorps fekk melding om det klokka 03.30.

Det skal ha vore ekstremt glatt på fylkesveg 155 ved Vassnes, og strøbilen hamna på sida ute i grøfta. Sjåføren vart sendt til legesjekk etter velten.

Fleire uhell

Allereie i går kveld gjekk politiet ut og åtvara om glatte vegar. Så langt i dag har det ikkje vore meldingar om ulukker på grunn av det glatte føret, men det har vore fleire uhell.

I Lonevåg på Osterøy køyrde ei kvinne i grøfta like før klokka 07.30. Ingen kom til skade her, men naudetatane på staden melder om såpeglatt vegbane på fylkesveg 368. NRK har også fått tips om ein buss som har hamna i grøfta ved Olsvoll på Radøy.

På grunn av strøbilen som gjekk i grøfta i Austevoll i halv firetida i natt, har Tide Buss som køyrer elevar til skular store problem med å ta seg fram.

Strøbil på Austevoll velta ut i vegen

LÅG LENGE: Ein NRK-tipsar var på veg til jobb tidleg i dag då han køyrde forbi den havarerte strøbilen.

Foto: Geir Bergflødt / 03030-tipser

Kom seg ikkje til skulen

– Det er mange skulebarn som ikkje kjem seg på skulen, seier Harald Otterå i Tide til NRK.

Strøbilen skal ha gått i grøfta mellom Kollhaugen og Bekkjarvik, og det vart bestilt bilberging. Om strøbilen deretter har haldt fram arbeidet eller ikkje, er førebels uvisst.

– Der vi køyrer skulebuss er det i Austevoll vi har størst problem. Våre sjåførar har meldt ifrå om at dei ikkje kjem seg fram, det er såpeglatt. Vi har meldt ifrå til Skyss, seier pressekontakt Lubna Jaffery i Tide Buss AS til NRK.

Klokka 09.00 fortel Jaffery at ting er på betringas veg.

– Det er blitt strødd fleire stader no og vêret mildnar. Vi håpar at elevane som treng skuleskyss er på skulen om kring ein time.

Strøbil sklei av vegen i Austevoll

Sjåføren var til legesjekk men kom uskadd frå det.

Foto: Austevoll brann og redningstjeneste

– Køyr forsiktig!

Til og med vaktoperatøren hjå Vegtrafikksentralen har hatt problem i dag. Eli Solberg fortel at ho gjekk i bakken på veg til jobb i dag.

– Folk må vera kjempeforsiktig i dag. Det er broddedag i dag, det har eg erfart.

Ho fortel at hovudvegane stort sett er greie å køyre på

– Men på sidevegar, kommunale vegar og fortau der vi ikkje har fått strødd enno, der er det veldig glatt.

Siste video

Aune og Vebjørn Sand med lågterskel kunstutstilling i Bergen.
Programleder er Mariann Reikerås.