Hopp til innhold

Åtvarer mot glatte vegar

Dei kalde temperaturane er kommen for alvor, og politiet har fått fleire meldingar om glatte vegar i distrikta. – Spesielt frå Arna og Osterøy blir det meldt om at det er glatt. Alle må køyra forsiktig, oppmodar operasjonsleiar Hans-Erik Thue.