Hopp til innhold

Åtvarer BMW-eigarar etter fleire hundre innbrot

Biltjuvane herjar over heile landet. Politiet ber bileigarar tenkje seg om to gonger før dei parkerer bilen.

BMW innbrot i Bergen

BORTE VEKK: Både rattet og anna utstyr vart på frekkaste vis fjerna frå denne BMW-bilen natt til onsdag i Bergen.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Langt over 200 innbrot i BMW-bilar er registrert i Sør-Norge sidan i sommar, og den siste månaden har banden også kome til Vestlandet.

Seinast natt til onsdag har tjuvar knust seg inn i fire bilar i Bergen sentrum og stukke av med ratt, navigasjonsanlegg og anna utstyr.

No åtvarar politiet i Bergen BMW-eigarar, og ber dei tenke seg som før dei parkerer bilen sin.

– Publikum må vera obs på bilar og personar i forkant, samt ha nokre tankar om korleis dei parkerer og forlèt bilane sine, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.

24 millionar kroner

Også politiet i Sør-Vest politidistrikt gjekk ut med ei åtvaring onsdag. Der bad dei publikum straks gje beskjed om dei ser mistenksame personane som viser interesse for BMW-bilar.

Over heile landet skjer det bilinnbrot nærast kvar natt. Også bilar frå Mercedes, Skoda, Volkswagen og Audi har blitt utsett for innbrot. Frå BMW-ane aleine er det stole utstyr til kring 100.000 kroner per bil.

– I alt trur eg vi nærmar oss 24 millionar kroner i forsikring, både i kva det kostar å skaffe nytt utstyr og i reparasjonar, sa politioverbetjent Stig Vasbø i Oslo politidistrikt til NRK i går.

– Dette er eit problem i heile landet. Det kan tyda på at det er nyare modellar som er mest utsett, og då 2013-modellar eller nyare, presiserer Magnussen i Vest politidistrikt.

BMW-innbrudd i Trondheim

HEILE LANDET: Innbrota skjer over heile Sør-Noreg, og det er registrert tilfelle i mellom anna Oslo, Trondheim og Bergen.

Foto: Anne Heidi Røstad / NRK

Samarbeider

Ingen er så langt tatt for tjuveria i Norge. Politiet samarbeider med kollegaer i Sverige og i Aust-Europa, der dei mistenkjer at det meste av tjuvegodset blir frakta til.

Tjuvane skal vera sokalla mobile vinningskriminelle, som kjem til Norge i grupper for å utføra raske brekk og deretter forlata landet etter kort tid med utbyttet.

Navigasjonssystem, airbagar, ratt og lykter som er stole frå BMW-ar i Norge, hamnar slik på marknaden i Aust-Europa.