NRK Meny
Normal

Åtvarar mot svært glatte vegar: – Folk kan knapt stå på beina

Brøytesjåfør skadd, semitrailer av vegen på E39 i Jølster og bybanekaos i Bergen. Året starta med svært glatte vegar på Vestlandet.

Trailer på tvers på E39 i Jølster

UTFOR VEGEN: Her på E39 ved Jølstravatnet fekk sjåføren til E39 etter at sjåføren fekk problem på det glatte føret.

Foto: 03030-tipser

Det har vore fleire ulukker og problem i trafikken tysdag morgon, etter at året starta med svært glatte vegar på Vestlandet.

Statens vegvesen åtvarar om vanskelege køyreforhold frå Dalane i Rogaland til Måløy i Sogn og Fjordane. I tillegg har det vore fleire meldingar om det same i Oslo-området.

Ved inngangen til det nye året har vêret veksla mellom pluss- og minusgrader, og tysdag morgon skapar regn, minusgrader og ei svært kald vegbane trøbbel for dei vegfarande.

Trailer på tvers og bybanestopp

Ein mann er send til legevakta etter at ein semitrailer køyrde av vegen på E39 ved Svidal i Jølster i 6-tida.

I Kollevågvegen på Askøy i Hordaland sklei både ein buss og ein lastebil av vegen i løpet av ein halvtime mellom klokka 6 og 7. Ingen skal vera skadd i dei to uhella.

– Men det er så glatt der at folk knapt kan stå på beina, ifølge 110-sentralen.

Og på spora til Bybanen i Bergen har det vore så mykje is at banen ikkje har kunne gått som normalt. Klokka 10.00 er det framleis store forseinkingar på rutene til Bybanen.

Is skapar kaos på Bybanen

TRØBBEL: Bybanepassasjerar til Bergen lufthavn Flesland kjem seg ikkje heilt fram, fordi is på linja hindrar vognene. Det er sett opp ekstra drosjar der Bybanen ikkje kjem fram.

Foto: Cato Heldal Christensen / NRK

– Vær ekstra på vakt

– Ver ekstra på vakt og avpass farten etter forholda, oppmodar vegvesenet, som har ute alt tilgjengeleg mannskap.

Dei har vore ute og strødd i natt, men problemet er at nedbør mange stader har vaska vekk saltet før det fraus til.

– Det vekslar mellom å regna og å frysa på, seier trafikkoperatør Ove Amundsen.

Etter ulukka på E39 i Jølster, står semitraileren no med førarhytta vrengt vekk frå autovernet. Den har fått ein del skader, men ikkje der føraren sit, opplyser politiet.

Køyretøyet står berre nokre meter frå Jølstravatnet på E39.

Det har vore noko diesellekkasje på staden, som brannvesenet har teke hand om. Trafikken blir dirigert forbi staden.

Rv 580 Haukeland, retning Arna

ISGLATT: Det vekslar mellom å regna og frysa, så på heile Vestlandet kan det vera svært glatt. Her frå Haukeland mellom Nesttun og Arna tysdag morgon.

Foto: Statens Vegvesen

Is stoppa Bybanen

Kollektivtrafikken i Hordaland har forseinkingar på fleire linjer. Det var heile morgonen stopp i trafikken på Bybanen i Bergen mellom Bergen lufthavn Flesland og dei næraste haldeplassane på grunn av ising på straumleidninga.

Bybanen køyrde som normalt, men med forseinkingar, på resten av traséen.

– Då ei bybanevogn køyrde ut frå Birkelandskrysset stod det blå flammar som eit «fyrverkeri» frå køyreleidningane, fortel NRK-reporter Cato Heldal Christensen frå staden.

– Vogna måtte stoppa etter nokre meter. Folk med trillekoffertar og barn måtte ut på glattisen og ut i terrenget. Dei baksa seg tilbake til haldeplassen, der det vart ein kjempelang drosjekø.

Driftssjef John Hansen i Keolis opplyste på morgonen til BA at ei vogn stod fast, og at driftskøyretøyet som skulle ordna køyreleidningen ikkje kom forbi.

Keolis hadde også problem med å få alle vognene ut, dermed var det færre vogner som køyrde mellom Birkelandsskiftet og Byparken.

Brøytemannskap skadd

Den første meldinga om ulukke på glattisen fekk politiet klokka 04.40. Ein traktor som var ute og strøydde, hadde velta i Hegglandsdalen i Os.

Traktoren rulla heilt rundt før den landa på alle hjula.

Føraren er køyrd i ambulanse til legevakta, ifølge politiet med smerter i nakken og kanskje brot i handleddet.

Bybanekaos på grunn av is på linja

FORSEINKINGAR: Is på køyreleidningar skapar store problem på Bybanen i Bergen.

Foto: Cato Heldal Christensen / NRK

Siste video

Hjemmesykepleien i Bergen bytter nøkler med elektronisk lås.
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.