NRK Meny
Normal

Brannvesenet: Grav to vegar inn til hytta

Sørg for fleire rømmingsvegar og gløym ikkje ventilane når hytta skal gravast fram. – Kort og brutalt: Du risikerer å ikkje vakna, seier brannsjef Bjørn Johansen.

Nedsnødd hytte på Kvamskogen

VIKTIG: Grav to inngangar og hugs ventilar, seier brannvesenet. Hytta på biletet er seinare graven godt fram og sikra med rømmingsvegar etter brannvesenet sine instruksar.

Foto: Else Gaugstad

Den siste tida har både snø og minusgrader dalt rundt omkring i Noreg. Faktisk har det vore langt meir snø enn vanleg over store deler av Sør-Noreg.

I hyttefelta på Kvamskogen i Hordaland var det i starten av februar så mykje snø at hytter og campingvogner måtte gravast fram med maskiner.

Men ifølgje brannvesenet er det ikkje berre det å kome seg fram til hytta som er viktig.

For kva skjer viss det blir brann og du ikkje kjem deg ut?

– Ein skal alltid grave to utgangar til nedsnødde hytter i tilfelle brann. Viss noko skjer kan dette vere skilnaden mellom liv og død, seier Bjørn Johansen, brannsjef i hyttekommunen Kvam.

– Bygg to tunnelar

Johansen er uroa og trur svært mange gløymer dette når det er mykje snø.

– Mange tenkjer ikkje på brannførebygging på hytta. Det er svært alvorleg. Viss ein vil vere trygg heile tida må ein ta desse forholdsreglane, seier han.

Inngangspartiet til hytte på Kvamskogen

TRONGT: Dette var inngangspartiet til hytta til Ingrid Grevstad Bernsen. Familien snudde og reiste heim att.

Foto: Ingrid Grevstad Bernsen / NRK

Ingrid Grevstad Bernsen og familien er blant dei som har tenkt på dette. Eigentleg skulle dei ha vore på Kvamskogen på vinterferie no, men valde å bli heime.

– Det er heilt vilt. For å kome oss inn i hytta måtte vi skli ned gjennom ein tre meter lang snøtunnel.

Bernsen fortel at mykje is gjer at det er vanskeleg å grave i snøen.

– Det var eit styr å kome oss inn i hytta, og det er ikkje mogleg å grave rømmingsvegar. Hadde det skjedd noko hadde det blitt ei katastrofe med ungar og hundar som skulle klatre ut den smale passasjen.

Hytte på Kvamskogen

NEDSNØDD: Slik såg hytta til familien Grevstad Bernsen ut i førre veke. Fordi det var mykje is var det vanskeleg å grave rømmingsvegar ut frå hytta.

Foto: Ingrid Grevstad Bernsen

– Viktig med nok luft

Det er tre gonger større risiko for brann i hytte enn i hus når årsaka er eldstad eller skorstein. Bruk av stearinlys, parafin og gassfyring til matlaging aukar sjansen ytterlegare.

Men det er ikkje berre flammar som kan vere ei fare i ei hytte med tettpakka snø rundt.

Nok oksygen er også viktig.

– Ein må fjerne snø frå ventilar og vindauge slik at det kjem luft inn. Ikkje berre fordi folk skal opphalde seg der inne, men også viss ein til dømes skal fyre i omnar eller bruke gass under matlaging, seier Johansen.

Ingrid Grevstad Bernsen

VART HEIME: Ingrid Grevstad Bernsen og familien valde å bli heime i vinterferien på grunn av manglande rømmingsvegar ut frå hytta.

Foto: Privat

Han fortel at han veit om meir enn eitt tilfelle der det har gått gale. Brannvesenet i Kvam rykkjer årleg ut til brannar blant dei mange tusen hyttene på Kvamskogen.

Brannsjefen håpar alle som skal opphalde seg i hytter, campingvogner og lavvoar vil syte for både rømmingsvegar og nok oksygen resten av vinterferien.

– Ein må rett og slett passe på dette viss ein vil kome seg heim i live. Det er betre å vere føre var.

Siste video

Annika Beinnes synger Solveigs sang i båten "Babben"