NRK Meny
Normal

Åtvarar mot korrupsjon i kommune-Noreg

– Det fins meir økonomisk kriminalitet i kommune-Noreg enn det som blir oppdaga, seier korrupsjonsekspert. Ei av årsakene er at tilsette i kommunane ikkje torer å varsle.

Varslingsrutinane er for dårlege i norske kommunar, seier korrupsjonsekspert Birthe Eriksen, etter at ordførar i Bergen, Trude Drevland (H) fredag blei sikta for grov korrupsjon.

Universitetslektoren ved NHH meiner det finst korrupsjonssaker i norske kommunar som aldri har kome fram i lyset.

– Ei årsak er at tilsette ikkje torer å varsle om mogeleg korrupsjon. Frykta for å bli utsett for sanksjonar trur eg er høgst reell i rundt om kring i kommune-Noreg, seier eksperten.

Kjenner ikkje til tilsvarande saker

Saman med hamnesjefen i Bergen, Inge Tangerås, er ordføraren sikta for grov korrupsjon i den såkalla cruisedåp-saka.

– Det som er spesielt med denne saka er at den går i det høgste politiske nivået i ein kommune. Det ligg føre temmeleg alvorlege forhold, og vi kjenner ikkje til nokon tilsvarande saker i Noreg, fortel Eriksen.

– Det fins meir korrupsjon

Det finst likevel fleire alvorlege korrupsjonssaker frå Kommune-Noreg dei siste ti åra. Mellom saka om Romerrike vassverk, korrupsjonssaka tilknytt Ullevål universitetssjukehus og saka mot mellom anna ein tidlegare vedlikehaldssjef i Bærum kommune. Dei fleste korrupsjonssakene har gått føre seg på byråkratisk nivå.

– Eg reknar med det finst meir korrupsjon enn det som kjem til overflata, og det er eg ikkje den einaste i mitt fagmiljø som meiner. Det er sjølvsagt vanskeleg å spekulere i kor mykje det er snakk om, men fellestrekk er at sakene ofte viser seg å vere svært alvorlege når dei kjem fram i lyset, fortel Eriksen.

Trude Drevland

SIKTA: Ordførar i Bergen, Trude Drevland, blei fredag sikta for grov korrupsjon.

Foto: NRK

– Både Høgre og kommunen har ein jobb å gjere

Eriksen sat sjølv i byrådet i Bergen for Høgre, og er overraska over det som skjer i hennar eiga parti, i hennar eigen kommune.

– Eg trur dette kom som ei overrasking. No må ein nytte mogelegheita til å ta tak og sikre at ein gode nok varslingsrutinar og ein god leiings- og organisasjonskultur, seier Eriksen.

Ikkje berre Høgre i Bergen, men også Bergen kommune har ein jobb å gjere framover meiner Eriksen.

– I tillegg bør politi og påtalemyndigheitene evaluere si handtering av saka. Det finst mykje god kompetanse på korrupsjon i Noreg, ikkje minst i Økokrim, men det betyr ikkje at kompetansen er like høg i alle politidistrikt, seier Eriksen.

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.