Hopp til innhold

Bergenfest åtvarar mot falske billettar

To menn er blitt svindla for fleire tusen kroner. Dei trudde dei kjøpte billettar til den utselde laurdagen på Bergenfest, men vart lurt.

Bergenfest

Bergenfest åtvarar mot falske billettar. Laurdag er heilt utseld.

Foto: Bergenfest

Festivalsjefen åtvarar mot sal av falske billettar til Bergenfest. Laurdag er konsertane heilt utselde, men mange prøver likevel å skaffe seg billettar på sosiale medium.

– Det er alltid nokon som prøver seg og alltid nokon som let seg lure, seier festivalsjef Frank Nes.

– Utruleg trist for dei som vert svindla

Laurdag føremiddag ringte ein mann til Bergenfest, og fortalde at han hadde kome i kontakt med ein person på Facebook som sa han hadde fleire billettar til Bergenfest han ville selje. Mannen overførte pengar til ein konto, og dei to avtalte og treffast for overlevering av billettane. Men personen han hadde kjøpt billettar av møtte aldri opp.

– Denne mannen har nok blitt lurt, og det tok ikkje lang tid før enda ein mann kontakta oss for å fortelje at det same har skjedd med han. Me vil no åtvare folk mot å kjøpe billettar på denne måten. Det er utruleg trist for dei som vert svindla, seier Nes.

– Falske billettar nesten identiske med originalen

Det er ikkje første gong Bergenfest opplever at folk prøver å tene pengar på utselde festivaldagar.

– Eitt år opplevde me at folk kom med billettar som var nesten identiske med dei me lagar, men som var falske. Dette er profesjonell svindel, og vart meldt til politiet. Dette er noko som skjer når etterspunaden er større enn tilbodet.

– Meld frå til politiet

Nes oppmodar no folk som opplever dette om å ta kontakt med politiet.

– Me set stor pris på at dei melder frå til oss òg, slik at me kan få åtvare andre om å vere varsame når dei får tilbod frå folk dei ikkje kjenner, seier Nes.

Framleis ledige billettar til søndag

Ein rask kikk på sosiale medium viser at det framleis er mange som er på leit etter billettar til konsertar på laurdag. Festivalsjefen meiner søndagen kan vere eit godt plaster på såret.

– Det er framleis billettar ledige til søndagen med mellom anna John Mayer som attraksjon. Viss ikkje dette fristar må me berre oppmode om å vere tidlegare ute med å kjøpe billettar neste år, seier Nes.