Hopp til innhold

Åtvarar mot å køyre over fjellet i dag

Vegtrafikksentralen kan melde om ufyselege forhold i fjellet og fleire fjellovergangar er stengt, deriblant Vikafjellet og Hardangervidda.

kø

KOLONNEKØYRING: Det er kolonnekøyring på Ev 134 mellom Austmannlitunnelen-Våslidtunnelen på strekninga over Haukelifjell. Biletet er tatt kl. 12:44 retning mot vest.

Foto: Statens vegvesen

Meteorologisk institutt har sendt ut Obs-varsel då det er venta vanskelege køyreforhold i fjellet grunna snøbyer og vind.

– Det er mykje vind i fjella no, der er det vestleg sterk kuling, men det ser ut som at det skal minke litt i kveld og gå over i nordvest liten kuling, forklarer meteorolog Anne Mette Olsen.

I tillegg ser det ut som at snøgrensa vil gå ned

– Snøgrensa kan gå ned til heile 200–300 moh. i dag, så det må ein vere obs på, seier Olsen.

Dyranut

STENGT: Søndag er riksveg 7 over Hardangervidda stengt. Biletet er frå Dyranut, klokka 09:00.

Foto: Statens vegvesen

Stengt

– Det ser ikkje ut som at været vil endre seg med det fyrste og mange fjellovergangar er mellombels stengt. Eg oppmodar nesten folk til å heller køyre langs kystlinja, sjølv om det er mykje lenger, seier trafikkoperatør Camilla Einersen i Statens vegvesen.

Desse fjellovergangane er mellombels stengt:

  • Riksveg 7 Hardangervidda: Rv7 Hardangervidda er mellombels stengt for alle køyretøy.
  • Riksveg 13 Vikafjellet – Stengt på grunn av uvêr.
  • Fylkesveg 50 Hol-Aurland – Stengt på grunn av uvêr.
  • Fylkesveg 53 Tyin-Årdal – Stengt på grunn av uvêr.

Vikafjellet

STENGT: Vikafjellet er stengt for all trafikk søndag. Biletet er tatt ved Hestavollen.

Foto: Statens vegvesen

Kolonnekøyring

– Om ein vel å stå i kolonne, så må ein førebu seg på lange ventetider på ein dag som dette, seier Einersen.

Desse vegstrekningane er det kolonnekøyring:

  • Europaveg 134 Austmannlitunnelen-Våslidtunnelen, på strekninga Haukelifjell: Kolonnekøyring på grunn av uvêr. Kan bli stengt på kort varsel.
  • Riksveg 15: Strynefjellet: Kolonnekøyring på grunn av uvêr. Her er det ventetid på ca 2,5 timer.
  • Europaveg 16 Filefjell: Snødekke, redusert sikt.

For oppdaterte vegtrafikkmeldingar, sjekk Statens vegvesen sine nettsider. Yr.no har oppdatert værvarsel for alle fjellovergangane.