Hopp til innhold

Åtvarar mot å fortelje på Facebook når ein ser rovdyr

I Hordaland og Sogn og Fjordane blir jerven drepen. I andre fylke er den freda. Biologiprofessoren ber folk vere stille om observasjonar.

Jerv felt i Sogn

Målet er å gjere Hordaland og Sogn og Fjordane fritt for jerv.

Foto: Odd Arne Olderbakk / NRK

Biologiprofessor Harald Kryvi ser eit klipp frå NRK-serien «Villmarkas voktere» . Frå eit helikopter jagar Statens naturoppsyn (SNO) ei jervtispe. Dei skyt henne.

– Heilt forferdeleg, dei burde skamme seg! Denne jerven har ikkje gjort noko gale. Ho blei tatt på mistanke om at ho kanskje kunne koma til å drepa. Kva slags juss er det, undrar Kryvi.

Den siste tida har Kryvi åtvara folk i Facebook-grupper mot å leggja ut spor av rovdyr.

Professor Harald Kryvi

Biologiprofessor Harald Kryvi er sjokkert over metodane Statens naturoppsyn nyttar for å jakte rovdyr i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Foto: Universitetet i Bergen

– Publikum må ikkje seie noko om observasjonar dei gjer til offentlegheita. Då står desse skyteglade personane klare i kaldt blod for å utrydde dyra, seier han.

Vil ha tips frå publikum

Stortinget har vedteke at det ikkje skal vere jerv eller gaupe i Hordaland og Sogn og Fjordane. Regionen si rovviltkontakt, Rein-Arne Golf i SNO, bekreftar at publikum sine observasjonar er viktige for at dei kan finne og avlive desse rovdyra.

Rein Arne Golf

Rein-Arne Golf i Statens naturoppsyn (SNO) oppfordrar folk til å melde frå om observasjonar av rovdyr.

Foto: Johan Moen / NRK

– Vi er avhengige av tips frå publikum – både observasjonar og DNA-materiale. Vi oppfordrar folk til å sende det til oss slik at vi kan få det analysert og få ei oversikt over kor mange individ vi har totalt her til lands, seier Golf i SNO.

Uetisk handtering

Leiar i NOAH, Siri Martinsen, seier seg einig med biologiprofessor Kryvi. Ho slår fast at den norske stat har ei uforsvarleg haldning ovanfor det heile – både biologisk og juridisk.

– Det dei driv på med er jo utryddingspolitikk! Dyrevelferdsmessig er det heile svært uetisk, seier Martinsen.

Ho meiner det er absurd at det skal setjast eit maksimumstal på raudlista artar.

– La faunaen bli fri igjen, seier ho.

Dødsdom ved fylkesgrensa

Fylkesleiar i Hordaland Senterparti, Jostein Ljones, meiner SNO gjer rett i å be folk om å melde frå om rovdyrsobservasjonar.

– Det bør ikkje vere jerv og gaupe i denne regionen. Vi må vise omsyn til at utmarka skal nyttast til beite for sau. Då kan vi ikkje ha rovdyr her, seier Ljones.

Ljones er ikkje redd for at dyra vert utrydda på landsbasis som følgje av bestemmingane gjort i dei to Vestlandsfylka.

Slik ser jervejakta ut. Her frå NRK-serien Villmarkas voktere

Slik ser jervejakta til SNO ut frå serien «Villmarkas voktere»

Bystyrerepresentant i Bergen Venstre, Per-Arne Larsen, stiller seg uforståeleg til at det skal vere ein nulltoleranse for rovdyr i regionen. Han vil ta opp saka med Fylkestinget.

– Det kan ikkje vere slik at jerven får ein dødsdom med det same du kryssar ei fylkesgrense, seier Larsen.

Liknar dødsskvadronar

Ifølgje Kryvi kan helikoptera SNO nyttar minne om dødsskvadronar når dei jagar dei ville dyra.

– Det vil eg ikkje kommentera. Det er ein del av det verkemiddelet vi brukar for å gjere ting så effektivt som mogleg, seier Golf.

Ljones i Senterpartiet meiner det viktigaste er at det skjer forsvarleg ut frå dyrevelferd og etikk.