Hopp til innhold

Kutta leggen stygt – måtte til sju legar før han vart innlagd på sjukehus

Atle Madsen er forferda over at han sjølv måtte krevje å bli innlagd på sjukehus etter at sju legar meinte eit djupt kutt ville gro av seg sjølv.

Atle Madsen på Haukeland sjukehus

INNLAGD ETTER LANG TID: Atle Madsen kutta seg stygt då han skulle reparere garasjetaket. Etter 15 dagar med smerter, vart han til slutt lagt inn på Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

3. juni skulle Atle Madsen (79) opp i ein stige for å fikse garasjetaket i Godvik i Bergen. Men tre meter over bakken forsvann plutseleg stigen og i møte med bakken flerra Madsen leggen sin på ein sementkant.

Han vart straks frakta til legevakta for å bli sydd igjen. I tillegg til ein god del smertestillande, fekk Madsen beskjed om å halda seg i ro dei første dagane.

Det er starten på to veker med sterke smerter og stor frustrasjon.

– Vi har eit godt helsevesen, men i dette tilfellet har dei bomma fullstendig, seier Madsen oppgitt til NRK.

Atle Madsen sitt kutt på leggen

STYGT KUTT: Madsen knuste leggen i ein sementkant då han fall tre meter ned frå ein stige. Han kjem til å bli frisk, men vil få noko nedsett funksjon i foten som følgje av operasjonen.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Møtte sju legar

For at det store kuttet skulle gro, fekk Madsen etter kvart beskjed om at han måtte gå på foten. Det gjorde svært vondt og leggen hovna også opp. Då det var runne blod gjennom bandasjen, køyrde dei inn igjen til legevakta. Legen var mest oppteken av at såret var sydd bra, fortel Madsen.

79-åringen meiner han gjentekne gonger ikkje vart høyrd på legevakta. Legane meinte kuttet ville gro att av seg sjølv, men etter 15 dagar hadde Madsen fått nok.

– 18. juni var eg inne til den sjuande legen på legevakta. Og kravde å bli innlagd på Haukeland. Då svara han meg at det var det ikkje noko hjelp i.

Bergen Legevakt

BEKLAGAR: Legevaktsjef i Bergen, Torbjørn Hiis Bergh.

Foto: Eivind A. Pettersen / NRK

Operert

Omsider, på Haukeland universitetssjukehus, blir han straks lagt inn på akutten. Kuttsåret vart opna og reinsa, og Madsen blir operert. Operasjonslegane legg vev og hud frå låret på det djupe kuttet.

På Haukeland har han no vore innlagd i tre veker.

– At pasienten ikkje føler seg varetatt på legevakta beklagar vi. Men det ser ikkje ut som han har fått feil behandling, medisinsk sett, slik eg vurderar det. Av og til kan det gå gale, sjølv om behandlinga er adekvat, seier legevaktsjef Torbjørn Hiis Bergh.

Overlege Pål Høvding var den første som opererte Madsen på Haukeland. Han meiner Madsen burde vore innlagd tidlegare, og får støtte frå den andre operasjonslegen.

– I ei ideell verd, der vi visste at dette såret ikkje kom til å gro, så burde han komme inn til operasjon tidlegare. Det som har vore spesielt uheldig, er at pasienten har vore inne til sju ulike legar. Då er det vanskeleg å vurdere kontinuitet i korleis såret gror, forklarar overlege Henrik Løvendahl Svendsen.

Beklagar

På legevakta tek sjefen sjølvkritikk.

– Vi vil ta vare på pasientane våre på best måte. Vi vil gå gjennom denne saka, spesielt når vi får rapporten frå Haukeland om kva som har skjedd med pasienten, seier Hiis Bergh.