Normal

Åsane redda på overtid

Pengegåve frå Trond Mohn fører til at den nyopprykka 1.divisjonsklubben likevel får spele heimekampane sine på Myrdal gress komande sesong.

Trond Mohn smilebilde

LUKKELEG SLUTT: Åsane har fått ekstern hjelp til å finansiere oppgradering av stadionfasilitetane sine.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

– Vi er veldig glade, seier nestleiar i Åsane Fotball, Svein Andreassen.

I dag vart det nemleg klart at Åsane Fotball og Bergen kommune har kome til einigheit om finansiering av oppgraderinga av Myrdal gress.

Ekstern finansiering

Dagleg leiar i Åsane Fotball, Helge Føllesdal, bekreftar at det er Trond Mohn som har gitt klubben midlane dei treng. Det skal vere snakk om cirka 3 millionar kroner.

– Resultatet er at mediebygget blir finansiert av eksterne krefter utanfor klubben, medan kommunen har sagt seg villig til å ta kostnaden for utviding av tribuna, seier Andreassen.

Også kommunen er glad for at det løyste seg til slutt.

- Vi har heile tida ønskt å finne ei god løysing for Åsane fotball og er letta over at saka ser ut til å løyse seg. Når Åsane fotball kom med pengar på bordet i tolvte time, snur vi oss raskt rundt og finn ei løysing saman med idrettslaget. No gler vi oss til sesongopning på heimebane, seier byrådsleiar Martin Smith-Sivertsen i ei pressemelding.