Mandag var klubben i møte med Bergen kommune for å diskutere finansieringa av utbetringane.
– Kostnader me ikkje kan ta
– Det er store kostnader knytt til oppgradering av anlegget, og det er me ikkje i stand til å ta på eiga kappe som klubb, seier Espen D. Brochmann, styreleiar i Åsane fotball.
Før fotballsesongen for første divisjon blir sparka i gang må Åsane Fotball utbetre Myrdal Idrettspark slik at den held opp mot krava Norges Fotballforbund set til spel i første divisjon.
– Det er nokon absolutte krav me ser på, blant anna tilrettelegging for TV-fasilitetar, og det er også andre krav som må på plass for at me skal få spele på Myrdal, seier Brochmann.
LES OGSÅ:
|– Har alternative banar
Noko av finansieringa kan klubben bidra med gjennom dugnadsarbeid, men Brochmann seier klubben må ha økonomisk hjelp til utbetringane. Måndag var Myrdal Idrettspark på møteplanen då klubben var i møte med Bergen kommune.
– Me diskuterer blant anna om klubben kan vurdere å setje opp den naudsynte mediefasiliteten på eit areal ved sida av Myrdal Idrettspark, seier idrettsdirektør Rune Titlestad i Bergen kommune.
– Dersom ein ikkje finn ei løysing, så har me alternative banar til disposisjon for Åsane Fotball, men no ser me først og fremst på kva me kan få til på Åsane, seier han.
LES OGSÅ:
Saka held fram under tv-saka.
– Me høyrer til på Myrdal
Dersom Myrdal Idrettspark ikkje skulle oppfylle krava frå Norges Fotballforbund, har kommunen forslag til to andre banar som kan vera aktuelle for heimekampane til Åsane fotball. Den eine er Varden Amfi i Fyllingsdalen, og den andre er Arna Idrettspark.
– Det er ikkje eit aktuelt tema for oss å spele andre stader enn i vårt eige nærmiljø. Me er ein stor klubb, me er ein breiddeklubb, samtidig som me har eit lag i 1. divisjon, og me «touchar» borti toppfotballen i Noreg no, seier styreleiar Brochmann i Åsane fotball.
– Me har ein identitet me må ta vare på, og for å gjere det må me spele kampane våre på Myrdal, der me høyrer til, seier han.
– Er det eit fare for at dykk må spele ein annan stad?
– Det er ikkje noko me diskuterer. Me jobbar for å finne løysingar rundt Myrdal i Åsane, seier Brochmann.