Hopp til innhold

Hyllar kollektivet etter seks kampar utan tap

MYRDAL GRESS (NRK): Det vart poengdeling i toppoppgjeret mellom Åsane og Sandnes Ulf i kveld. Heimelaget har til gode å tapa denne sesongen, og toppar framleis tabellen.

Åsane fotball

STÅR UTAN TAP: Overraskingslaget Åsane held fram å imponera i 1.divisjon. Etter seks kampar toppar det nyopprykka laget tabellen, utan eit einaste tap.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Guttane har ein flott moral. Det er hardtarbeidande spelarar som er vanskeleg å slå

Kjetil Knutsen, Åsane-trenar

1060 tilskodarar møtte opp for å sjå tabelltopp Åsane ta imot Sandnes Ulf. Heimelaget har hatt ein forrykande start på sesongen, med tre sigrar og to uavgjort på to kampar. Spørsmålet var difor om nyopprykka Åsane kunne halde trykket oppe og halde fram på den gode resultatrekkja.

Det byrja jamt på Myrdal Gress. Sandnes Ulf kom til den første store sjansen, då Pontus Engblom heada ballen over mål frå kort hald.

Deretter tok Åsane over kampen og produserte ei rekkje store sjansar mot laget som sist sesong spelte to nivå over dei.

Sjansebonanza

Kjetil Knutsen, trenar for Åsane Fotball

Trenar Kjetil Knutsen har til gode å tapa med Åsane denne sesongen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Mellom det 29. og 32. speleminutt hadde oransjetrøyene fire enorme sjansar til å ta leiinga, men ballen ville ikkje i mål.

Den aller største sjansen hadde Damian Sanchez Olsen, som dundra ballen i tverrliggaren.

– Eg ser vi begynner å bli slitne etter eit tett kampprogram. Vi burde ha avgjort kampen før pause, seier trenar Kjetil Knutsen til NRK etter kampen.

Etter pause var det bortelaget som hadde ballen mest, utan å kome til dei store sjansane. Til slutt enda det mållaust i ein tett og jamspelt kamp.

– Vi går litt tomme i andre omgang. Bevegelsane er ikkje der og touchen sit ikkje. Men det begynner altså å bli tunge bein. Totalsett gjer vi ein bra prestasjon.

Har ikkje tapt

Nyopprykka Åsane har imponert og overraska mange i 1. divisjon denne sesongen, og etter seks kampar har oransjetrøyene til gode å tapa. No står dei med 12 poeng på seks kampar, etter tre sigrar og tre uavgjorte kampar.

– Det imponerer meg. Guttane har ein flott moral. Det er hardtarbeidande spelarar som er vanskeleg å slå. Her på heimebane skal vi klare å ta med oss ein del trepoengarar, avsluttar trenar Knutsen.

Lenge såg det ut til at dei mista tabelltoppen med 0–0 resultatet i kveld, men Sogndal rota vekk sigeren borte mot Kristiansund. I det 93. minutt skåra Espen Næss Lund målet for kristiansundarane, som gjer at Åsane tronar aleine på toppen av 1. divisjon.