NRK Meny
Normal

Åsane blir kasta ut av eigen bydel

Idrettsbyråd Helge Stormoen knuste Åsane sin draum om spel på Myrdal gress denne sesongen.

Marcus Stueland og Erdin Demir

MÅ FLYTTE: Bergen kommune vil ikkje finansiere ei oppgradering av Myrdal gress.

Foto: Jarl Omestad / NRK

– Slik som budsjettet vårt er lagt opp no, så finn vi ikkje rom for å finanseriere oppgraderinga av Åsane sin stadion, seier Stormoen.

Myrdal gress oppfyller ikkje krava for 1.divisjonsspel. For å imøtekome desse må Åsane mellom anna få på plass seter på tribunene og fasilitetar for media.

Dette har ikkje klubben pengar til sjølv, og har difor bede kommunen om hjelp. I dag kom den endelege avgjerda.

Skapar utfordringar

– Vi kjem ikkje til å gjere omprioriteringar i budsjettet for å finansiere dei 4,5 millionar kronene oppgraderinga vil koste. Det vil få for store konsekvensar for andre idrettsgreinar i kommunen, seier Stormoen.

Forstår du at denne avgjersla skapar utfordringar for Åsane?

– Ja, men vi har andre anlegg i Bergen som tilfredsstillar krava frå Norges Fotballforbund, og kan med dette tilby Åsane ein stadion innanfor Bergen.

Føler seg nedprioritert

Varden Amfi

NY HEIMEBANE: Varden Amfi i Fyllingsdalen blir Åsane si heimebane denne sesongen.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

No må Åsane mest truleg spele heimekampane sine på Varden Amfi i Fyllingsdalen.

– Vi føler oss nedprioritert. Det at vi møter såpass motstand frå kommunen er underleg. seier nestleiar i Åsane fotball, Svein Andreassen.

Stormoen forstår frustrasjonen.

– Vi har store planar for stadionanlegget på sikt. Eg lovar at Åsane skal få så gode fasilitetar at dei kan spele heimekampane sine på Myrdal gress i framtida.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.