Hopp til innhold

Arvegullet skal hem!

Mens Brann-supporterne syng om seriegullet, snakkar Hordaland Høgre om Baroniet i Rosendal.

Tom-Christer Nilsen

VIL HA ARVEGULLET HEM: Fylkesordførarkandidat Tom-Christer Nilsen synes det er feil at nokon i Oslo skal styre Baroniet i Rosendal.

Foto: Johannes Morland / NRK

Få Baroniet heim til Vestlandet!

Det krev Hordaland Høgre, som får støtte av lokalpartiet i Kvinnherad.

Styrt frå Oslo

I dag er det Universitetet i Oslo som eig Baroniet i Rosendal, men det må endrast, meiner fylkesordførarkandidat for Høgre, Tom-Christer Nilsen.

Baroniet i Rosendal

STYRT FRÅ OSLO: Baroniet i Rosendal.

Foto: Snare, Knut / Aftenposten

- Det høyrest for meg heilt galt ut at det sit nokon i Oslo og skal styre ein eigedom i ein dal på Vestlandet, seier han.

I dag har kommunen og fylkeskommunen ein styrerepresentant kvar. Dei seks øvrige er det Universitetet i Oslo som vel. Det er ikkje nok, meiner Nilsen.

Fåmælt i Oslo

Rektor ved Universitetet i Oslo, Geir Ellingsrud vil ikkje kommentere problemstillinga utover at han meiner det ikkje er ei aktuell problemstilling. Og universitetet i Bergen sin kommentar er: "vi har eit godt samarbeid med universitetet i Oslo."

Ein som er meir enn villig til å kommentere saka er ordførarkandidat for Høgre i Kvinnherad, Arne Havnerås.

- Dette vil nok skape litt debatt, men det må vi tole, seier han.

Baroniet vart i si tid testamentert til Universitetet i København, og deretter overteke av Universitetet i Oslo. Og Tom-Christer Nilsen meiner det er heilt realistisk å få det gamle slottet over på bergenske hender.

- Eg trur dette blir gjennomført viss fagmyndigheitene kan kome til ei semje, seier han.