Årsak til fjøsbrann framleis ukjend

Politiet veit framleis ikkje kvar som var årsaka til at ein driftsbygning i Etne byrja å brenna 1. august. 35 kyr omkom i brannen. – Truleg vil åstadgranskarane undersøkja branntomta neste veke, seier Arild Austrheim ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.