Hopp til innhold

Arresterte 11 rumenarar i storaksjon mot menneskehandel – no er saka lagt bort

Politiet meinte besteforeldra og tanta hadde henta ei 16 år gamal jente til Noreg for å selja sex, men fann aldri bevis. – Høgaktuelt å krevja erstatning, seier bestefaren sin forsvarar.

Politiet aksjonerer mot rumensk nettverk i Bergen

MASSEARRESTASJON: Elleve personar blei arresterte og rutinemessig sikta for medverknad til grov menneskehandel då ei 16 år gamal jente blei henta ut av eit bustadhus i Bergen.

Foto: NRK

10. februar aksjonerte politiet mot to adresser på Askøy og i Bergen. Elleve rumenarar, alle frå folkegruppa rom, blei arresterte, mistenkte for menneskehandel, og ei 16 år gamal jente blei henta ut og overlevert norsk barnevern.

Politiet meinte det rumenske nettverket hadde henta jenta frå Romania til Noreg for å bruka henne i sexsal. Dei ville fengsla fire av de arresterte, blant dei jenta sine besteforeldre og tante.

Men sjølv om politiet meinte å ha bevis for at jenta var blitt stengd inne på eit rom i huset i Bergen, kom både tingretten og lagmannsretten til at det ikkje var grunnlag for å varetektsfengsla dei.

Står utan bevis

Elleve dagar etter storaksjonen, opplyste politiet at etterforskinga ikkje hadde gitt dei opplysningar som styrka deira mistankar.

No, eit halvt år etter massearrestasjonane, opplyser politiet at saka vil bli lagt bort.

– Saka kjem til å bli lagt bort på grunn av manglande bevis, opplyser politiinspektør og påtaleleiar for organisert kriminalitet ved Vest politidistrikt, Sylvia Myklebust.

Saka er enno ikkje oversendt Statsadvokaten med politiet si innstilling.

Påtaleleiaren har sjølv teke over saka, men har ikkje høve til å kommentera saka i detalj, utover at politiet aldri fann bevisa dei trong.

– Saka er ferdig etterforska og me finn ikkje bevis for menneskehandel eller hallikverksemd mot 16-åringen.

Politiinspektør Sylvia Myklebust, Vest politidistrikt

MANGLAR BEVIS: Sylvia Myklebust er påtaleleiar for organisert kriminalitet ved Vest politidistrikt.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Forsvarar: – På grensa til stigmatiserande

Forsvararane retta krass kritikk mot politiet sin innsats, og meinte dei fire sikta aldri ha burde blitt framstilt for fengsling.

– Argumentasjonen i siktinga er på grensa til stigmatiserande mot ei folkegruppe. Eg stiller spørsmål ved om det i det hele tatt er nokon fornærma i denne saka, sa forsvarer Einar Råen, som representerer den fornærma jenta si bestemor.

Advokat Rolf Knudsen representerer bestefaren. Han meiner utfallet er det einaste riktige, og er kritisk til politiet sitt arbeid.

– Alle fire blei forsøkt fengsla, men lauslatne både av tingretten og lagmannsretten. Eg meiner heilt klart at politiet aldri skulle ha framstilt desse for fengsling.

Vurderer å søka om oppreising

Personar som har vore plasserte i politiarrest eller varetektsfengsel, har nemleg rett til oppreisning etter standardiserte satsar dersom dei blir frifunne.

Forsvarsadvokat Rolf Knudsen og Mads Berven

KRITISKE: Rolf Knudsen (t.v.) og Mads Berven representerer høvesvis bestefaren og bestemora til den 16 år gamle jenta. Begge er kritiske til politiet sit arbeid i saka.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Knudsen tok i vinter til orde for å søka om ytterlegare oppreisingserstatning for sine klientar.

– Det er høgaktuelt å be om oppreisingserstatning dersom saka blir lagt bort. Min klient har måtte leva med alvorlege skuldingar hengande over seg i mange månader, seier Knudsen, som vil vurdera ein søknad når sak formelt er ferdig påtaleavgjort.

Også forsvarer Mads Berven, som representerer den antekne hovudmannen, var kritisk til politiet sitt grunnlag for siktinga.

Berven skriv i ein SMS til NRK at han ikkje ynskjer kommentera saka før påtaleavgjerda er klar.

Det har ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå forsvararane til dei to andre sikta.