Hopp til innhold

Arrestert etter våpentruslar

Ein mann i byrjinga av 50-åra er arrestert i ein væpna politiaksjon på Damsgård, etter å ha truga tilsette på Strax-huset med bruk av skytevåpen. – Mannen hadde sagt at han skulle gå og hente skytevåpen og kome tilbake, og vi sende difor fleire patruljar for å få kontroll på vedkomande. Mannen hadde ikkje våpen på seg då han vart arrestert, og pågripinga gjekk relativt udramatisk føre seg, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord.

Laster Twitter-innhold