Hopp til innhold

– Ingen rom for feil om vi skal ta bronse

I ettermiddag er det klart for den viktige toppseriekampen for kvinner mellom Arna-Bjørnar og Lillestrøm i fotball. Laget frå Arna er avhengig av heimesiger for å klatra mot medalje. Sjølv om det vil bli ein vanskeleg kamp, har trenar Morten Kalvenes trua på siger.

Direkte fra Arna Idrettspark. Kommentatorer: Olav Traaen og Lise Klaveness. Programleder: Carina Olset

SJÅ DIREKTE: I ettermiddag er det klart for den viktige toppseriekampen for kvinner mellom Arna-Bjørnar og Lillestrøm i fotball. Sjå kampen direkte på nrk.no.

– Vi har liten margin om vi skal klare bronsemedalje i år, seier trenar Morten Kalvenes før heimekampen mot Lillestrøm i dag.

Morten Kalvenes

HÅPAR PÅ SIGER: Trenar Morten Kalvenes håpar på heimesiger i dag.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Laget frå Arna er nummer fem på tabellen og avhengig av heimesiger for å kunne klatra mot medalje. Trenar Morten Kalvenes seier det er lite rom for feil om dei skal klara å ta bronse i serien.

– Det blir kamp mot eit av dei beste laga i Norge. Vi var på ein kunstgrasbane for ein test mot Stabæk heime og tapte den 1–0. Så vi få sjå korleis vi kan kome ut av kampen med eit eller tre poeng, seier Kalvenes.

Utfordringar

– Det er forventa at denne kampen blir jamn og vi har ein utfordring som har hengt over oss i heile år og det er evna til å avgjere kampane når dei blir for jamne, seier trenaren.

– Er dykk stressa og nervøse?

– Nei, eg trur ikkje vi er stressa. Vi har vore i denne situasjonen mange gongar før og spelt mot desse laga. Vi trivst veldig godt og spesielt på heimebane, seier Kalvenes.

– I tilleg har vi hatt mange gode kampar i år. Vi har fått imponerande resultat, og vunne kampar med klar margin. Likevel har vi samtidig ikkje spelt ein einaste uavgjort kamp i år, seier trenaren.

Går for medalje

Arna-Bjørnar

GÅR FOR SIGER: I dag er det klart for toppseriekampen for kvinner mellom Arna-Bjørnar og Lillestrøm.

Foto: arna.bjornar.no

Sjølv om det er venta at kampen blir jamn har trenaren trua på siger, og vil også gå for bronsemedaljen.

– Det blir vår hovudoppgåve å vise evne og kapasitet til å avgjere denne kampen i vår favør. Vi er i ein spurt, der vi har hamna litt bakpå, så vi har ikkje stor feilmargin. Likevel er det ein bronsemedalje som er innan rekkjevidd og den går vi for, legg trenaren til.

  • Sjå kampen direkte her frå klokka 16:45