Fylkesmannen sende barnevernssak på minnepinne til uvedkomande

Lene Nilsen politimelde kommunen for å ha sendt personinformasjon på kryss og tvers. No har Fylkesmannen gjort ein liknande tabbe – i den same saka.

Lene Nilsen

OPPGITT: – Desse sakene viser at slik informasjon alt for lett kjem på avvege, seier Lene Nilsen.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

For andre gong på mindre enn eit halvt år beklagar styremaktene at sensitive opplysingar har kome på avvege i Lene Nilsen si klagesak.

I oktober slo Datatilsynet fast at skuletilsette ulovleg hadde delt sensitiv informasjon om borna hennar over e-post.

No har informasjon i den same saka igjen kome på avvege.

– Det er spesielt ille etter det som skjedde i fjor haust.

Les også: Skulen delte sensitiv info om Lene si dotter

Barnevernssak på minnepenn

Fylkesmannen skulle sende dokument i klagesaka til Utdanningsdirektoratet, gjekk det gale nok ein gong.

Detaljert informasjon om ei barnevernssak og dokument om eit tredje barn, som gjeld fysisk tilrettelegging på skulen, var med blant dei mange hundre sidene med dokumentasjon.

– Eg får vondt i magen når eg tenker på kor enkelt opplysingar i ei barnevernssak kan bli spreidde til personar som ikkje har noko med saka å gjera, seier Nilsen til NRK.

Sladda brev frå Fylkesmannen i personvernsak

VEDGÅR FEIL: Fylkesmannen har overfor rettshjelpar Solfrid Hammersland beklaga at dei sende feil opplysingar på minnepennen.

Foto: Skjermdump

Fylkesmannen beklagar og vedgår feil

Felles for dei tre sakene på minnepennen er at dei blir ført av den same juristen, Solfrid Hammersland, som gir rettshjelp til Nilsen og ein annan familie.

– Eg fekk hakeslepp då eg såg kva som låg på minnepennen, seier rettshjelparen.

Sidan minnepennen gjekk med kopi til Utdanningsdirektoratet, meiner juristen at Fylkesmannen i Hordaland har brote teieplikta.

Overfor NRK vedgår Fylkesmannen feilen.

Assisterande fylkesmann Rune Fjeld stadfestar at det gjeld to saker som Utdanningsdirektoratet ikkje har noko med.

– Desse opplysningane er no sletta der. Avviket er meldt i vårt interne avvikssystem, og blir vurdert i samband med å betra våre rutinar, skriv Fjeld i ein e-post til NRK.

Solfrid Hammersland

RETTSHJELPER: Solfrid Hammersland assisterer fleire privatpersonar i klagesaker mot det offentlege. Ho er overraska over at Fylkesmannen samlar fleire ulike saker i same fil.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Meiner gleppen skuldast overgang frå papir til pdf

Fylkesmannen grunngir feilen med at Hammersland personleg leverte dokumenta i dei tre sakene samla i éi papirbunke.

– Det blei ikkje oppdaga. Alle dokumenta blei skanna og arkivert i same sak.

Det avviser Hammersland. Ho poengterer at dokumenta seinare blei arkivert i eigne saker i Fylkesmannen sine postlister.

– Difor er det spesielt at dei er blanda saman i éi sak på minnepinnen.

Datatilsynet: – Forventar ei avviksmelding

Datatilsynet har enno ikkje mottatt avviksmelding eller klage og vil difor ikkje kommentera den konkrete saka eller ta stilling til eventuell oppfølging.

– Men slik det er skildra her, så forventar me ei avviksmelding frå Fylkesmannen, seier kommunikasjonsdirektør Janne Stang Dahl.

Under eit halvt år etter at ho melde kommunen til politiet og Datatilsynet, vil Lene Nilsen no gjera det same med Fylkesmannen.

– Desse sakene viser at denne type informasjon alt for ofte kjem på avvege. Dei må gjerne bli lagt bort, men eg må visa at dette ikkje er akseptabelt.