Hopp til innhold

Årets varmaste dag i Bergen: – Forfriskande herleg

Nesten 30 varmegrader på Vestlandet. Varmen blir over helga, men så ...

Vestlandet fikk en forsmak av sommer den siste helgen i mai. Bergenserne valfartet til badestrendene.

NEDKJØLING: Etter ein katastrofal badesommar i fjor, kasta bergensarane trøya då maivêret viste seg frå si beste side denne helga.

Store vêrskilje har prega det langstrakte Noreg denne helga. Medan folk i Hammerfest har vakna til sludd, har vestlendingane nytt godt av vêret den siste maihelga har bydd på, med strålande sol og temperaturar tett opp mot 25 grader.

Nina Nordbø og døtrene hadde sett opp telt på plenen ved Gamlehaugen sør for Bergen sentrum.

– Det er fantastisk med så varmt og fint vêr i Bergen. Me får berre håpa det blir fleire slike dagar, slik at me faktisk får litt sommar i år, og ikkje slik som i fjor.

Gamlehaugen i Bergen

GAMLEHAUGEN: Mange bergensarar hadde teke turen til parkanlegget på Gamlehaugen ved Fjøsanger. Sundag kan skimta med periodevis fint vêr, men temperaturen er på vege ned, melder meteorologen.

Foto: Ole-André Lagmandokk (arkiv) / NRK

Årets varmaste i Bergen

Eit høgtrykk over Storbritannia pumpar varm luft inn over landet og har gitt godvêr over store deler av Sør-Noreg.

Klokka 16 i dag vart det målt 31,8 grader i Nedre Eggedal i Sigdal kommune, varmast i heile landet. I Hordaland er det Etne som har dagsrekorden, der ein kunne lesa 28,4 grader på målestokken laurdag ettermiddag.

Hedda Nilsen på Gamlehaugen

TAR TEMPEN: Hedda Nilsen er overtydd om at det er minst 15 grader i Nordåsvatnet. – Det er faktisk veldig varmt og herleg.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

Florida i Bergen hadde 24,3 grader. Det gjer laurdag til årets hittil varmaste dag.

– Bergen er vinglete vêrby uansett, så det var ikkje sjokkerande at me fekk dette vêret i dag, seier Hedda Nilsen.

Etter å ha testa varmen i Nordåsvatnet anslår ho at temperaturen har stige litt sidan Bergen kommune målte 13 grader i starten av veka.

– Det er faktisk veldig varmt og herleg. Eg trur det er i alle fall 15 grader.

– Forfriskande herleg

Lars Brudvik og Peter Ervik har fylt den rekordvarme dagen med ballspel og bading. Etter at badeøkta med NRK er gjennomført, skal pølsene på grillen.

– Kva synest du om temperaturen?

– Forfriskande. Synest det var herleg, eg. Lars, kva seier du?

– Det var litt kjølig første gongen eg var uti. Men det var herleg no.

Stuping på Gamlehaugen

SOLBRUN: Lars Brudvik (til venstre) og Peter Ervik utnyttar siste dagen med skyfri himmel og sommarvarme. – Me må jo berre nyta det medan me kan.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

Vårbleike bergensarar har lege tett i tett på det som er å oppdriva av badestrender og grøne parkflekkar laurdag.

Men snart er det heile over.

– Laurdag ser ut til å bli den finaste og varmaste dagen. Sundag kan òg bli bra, men frå i natt kjem det ein ny front frå havet. Det er usikkert korleis det slår inn, seier vakthavande meteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet, Kristin Seter.

Lågtrykk på rekkje og rad

Ho oppmodar vestlendingane om å nyta siste rest av helga, for til veka droppar temperaturen. Varmen held seg over helga, men så blir det gradvis gjensyn med paraplyen.

– Akkurat no ligg det mykje torevêr over Storbritannia og det vêrsystemet kjem hit i morgon. Så litt nedbør må ein nok rekna med.

Kristin Seter

NEDBØR I SIKTE: Statsmeteorolog Kristin Seter har diverre dårleg nytt for sommarklare vestlendingar. Lågtrykka er i ferd med å stilla seg opp på rekkje i havgapet.

Foto: Kamilla Pedersen / met.no

Du har nok allereie tenkt tanken: Utover neste veke kjem lågtrykka på løpande band.

– Det kjem det eine lågtrykket etter det andre. Det er diverre heller ikkje utsikter for langvarig finvêr i prognosane våre, seier meteorologen.