Hopp til innhold

Årets influensavaksine er ikkje god nok

Fire av ti som har tatt årets influensavaksine risikerer å bli sjuke. – Veldig synd, seier Influensasenteret.

Rebecca Cox og assistent

BOM: Årets influensavaksine verkar ikkje godt nok, men Rebecca Cox, leiar for Influensasenteret i Bergen (t.v.), ber likevel folk i risikogruppene om å vaksinere seg.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– I år har vi dessverre ikkje treft med vaksinen, seier Rebecca Cox, leiar for Influensasenteret i Bergen.

Årets vaksine verkar berre på 60 prosent av dei som er vaksinert.

– Influensavaksinane vert laga seks månadar før dei vert tekne i bruk. I år har vi oppdaga nye variantar virus som årets vaksine ikkje hjelper mot. Som oftast klarar vi å vaksinere 70–80 prosent mot virusa, men i år er vernet svakare, fortel Cox.

Epidemi

Høgast er influensaførekomsten i Akershus, Oslo, Buskerud og Hordaland. I dei fire fylka fekk fleire enn to prosent av dei som gjekk til legen førre veke ein influensadiagnose.

Les også: No er influensaen på frammarsj

– Det vi ser no kallar vi eit epidemisk nivå. Men det er ikkje ekstra mange som er sjuke i år, men tilfella er annleis, fortel smittevernlege, Øystein Søbstad.

Influensaen plar å herje i 6–8 veker på denne tida av året, og toppen er enno ikkje nådd.

– Det vil nok vare nokre veker til. Vi er ikkje komne lenger enn til 4–5 veke i denne epidemien, seier Søbstad.

Individuelle forskjellar

Det er store individuelle forskjellar i kor sjuk ein blir. Cox ber folk tenkje seg om før dei går på jobb eller skule med influensa.

– Når ein har skikkeleg influensa har ein ofte ei brå feberstigning. I desse tilfella er det best å krype under dyna og bli der. Når ein er såpass sjuk vil ein berre spreie sjukdomen vidare, forklarar Cox.

LES OGSÅ: – Skoleelever trenger ikke være hjemme selv om de er litt småsyke

Om ein skal vere heime frå jobb eller skule må vere opp til kvar enkelt, meiner Søbstad.

– Det viktigaste for meg som smittevernar er at ein ikkje går rundt og smittar andre, seier han.

– Når er smittefaren størst?

– Ein er mest smittefarleg dagen før og kring utbrotet av sjukdomen. Etter dette er ikkje smittefaren så stor, seier Søbstad.

Kan vere alvorleg

Sjølv om influensaepidemien er over oss er det likevel ikkje for seint å vaksinere seg.

– Eg vil anbefale alle i risikogruppene om å vaksinere seg. Verdas Helseorganisasjon anbefaler særleg gravide i andre og tredje trimester om å ta vaksinen. Influensa kan vere veldig alvorleg for både mor og barn, seier Cox.

Om du er i risikogruppa kan du lese meir om på Folkehelseinstituttet sine heimesider (ekstern lenkje).