Hopp til innhold

Eldre mann kritisk skadd etter trefelling

Mann (70) fekk rot over seg under arbeid.

Mann skadet under trefelling

ARBEIDSULUKKE: Ein mann er frakta til akuttmottaket på Haukeland etter ulukka.

Trefelling Sædalen

ARBEIDSULUKKE: Ein mann er frakta til akuttmottaket på Haukeland etter ulukka.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK

Klokka 12.30 fekk politiet melding via AMK om ei arbeidsulukke i Sædalen i Bergen.

ulukke sædalen

FRAKTA BORT I AMBULANSE: Mannen blei tatt med til akuttmottaket.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK

– Ein eldre mann har jobba med å felle eit tre då han fekk ein rot over seg, seier operasjonsleiar i politiet Frode Kolltveit.

Mann fekk behandling av ambulansepersonell på staden, og blei frakta til akuttmottaket på Haukeland sjukehus.

I ei pressemelding klokka 15.30 opplyser Helse Bergen at mannen er kritisk skadd.

Det var vitne på staden som melde frå til AMK. Politiet kan enno ikkje seie noko om årsaka til ulukka.

Mannen skal ifølgje Bergensavisen ha fått hjertestans, og blitt gjenoppliva på staden. Familien er varsla.

Arbeidsulukke Sædalen

TREFELLING: Politiet jobbar no på staden etter at ein mannen skal ha fått ei rot over seg under trefelling.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK