Det var ikkje last på krana då den velta over ein lastebil og knuste førarhuset. Ein mann som sto på lasteplanet kom frå ulykka utan skader og heller ikkje kranføraren vart skadd.
Startar etterforking
Politiet skal no etterforske saka. Arbeidstilsynet har vært på staden i dag og seniorinspektør Atle Mitsem seier det er flaks at det ikkje gjekk menneskeliv i dag. Entreprenørselskapet som skal byggja eit nytt lager for Toro har leigd inn krana av selskapet Vestkran.