NRK Meny
Normal

To arbeidsulukker ved verft på Laksevåg

Naudetatane rykka ut til to arbeidsulukker ved Noryards BMV i Bergen i dag tidleg. To personar er skadde.

Kystvakt-fartøy ligger til kai på Noryards i Bergen

TO ULUKKER HER: Det var under arbeid ved Kystvakten sine fartøy at ulukkene skjedde. Biletet er tatt torsdag.

Foto: Noryards

– Vi har hatt to alvorlege hendingar på Noryards BMV som har resultert i personskadar for to personar, skriv verftet i ei pressemelding.

Naudetatane rykka først ut til Laksevåg i Bergen etter melding om eit arbeidsuhell på ein båt som låg ved kai ved verftet.

Fallulukke og kuttulukke

Det var lenge uklart kva som hadde skjedd, men no bekreftar selskapet sjølv at det har vore to alvorlege hendingar med personskade involvert.

Det er snakk om ei fallulukke og ei kuttulukke, opplyser HR-direktør Elin Tvedt ved Noryards. Ein ansatt hjå ein underleverandør fekk eit illebefinnande og fall frå ei trøe. Han fekk slagskadar i ansiktet og er no på sjukehus for behandling.

– Fallulukka har skjedd på ein båt som låg til kai her, medan kuttulukka har skjedd inne på området vårt. Det er to separate hendingar, fortel Tvedt til NRK.

Mista bit av fingeren

Kuttulukka gjekk også utover ein ansatt hjå same underleverandør. Han fekk eit lite stykke av ein finger kutta av på ein båndsag inne på maskinverkstedet. Det lukkast ikkje for legane å få den avkutta delen sydd på fingeren igjen.

Bedrifta granskar no begge ulukkene og både politi og Arbeidstilsynet er varsla.

Siste video

Ein person mista livet då eit stort snø- og jordras trefte Odda i 1993.
Programleiar er Jan Børge Leirvik
Programleiar er Jan Børge Leirvik